Marknads- og salssjef
FOTEFAR TEMAREISER AS
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie sal og marknadsføring av reiseopplevingar med høg kvalitet, og vere med å forme Fotefar sin vidare vekst?
Marknads- og salssjef – Fotefar temareiser
Fotefar temareiser utviklar og gjennomfører temareiser for dei som vil lære, oppleve og forstå meir av verda. No søkjer vi ein marknads- og salssjef som tek heilskapleg ansvar for den kommersielle utviklinga.
Overordna ansvar
Sal
• Utarbeide og gjennomføre salsstrategiar og handlingsplanar.
Kundeinnsikt og utvikling
• Analysere kundedata, salstal og trendar for å identifisere forbetringsområde og nye marknadssegment.
Marknadsføring og kommunikasjon
• Planleggje og gjennomføre målretta marknadsaktivitetar, med særleg vekt på digitale kanalar.
Vi ser etter deg som:
• Er sterkt motivert for sal og kommersiell utvikling
• Har solid erfaring med sal og marknadsføring, gjerne i ei leiarrolle, og trivst med både strategisk og operativt ansvar.
• Brenn for reiseliv, kultur og formidling, og forstår verdien av godt innhald, fagleg tyngde og truverd i kommunikasjonen.
• Har god forståing for digitale kanalar og analyse, og kjenner verktøy som Facebook Business Manager, Google Analytics og nyheitsbrevsystem.
• Har god kjennskap til Adobe-verktøy, særleg InDesign, og erfaring med å produsere og ferdigstille materiell som turprogram, annonsar og presentasjonar.
• Skriv godt og presist på norsk, og evnar å tilpasse språk og form til ulike målgrupper og kanalar.
• Har forståing for visuelt uttrykk, og veit korleis bilete, video og design styrkjer sal og merkevare.
• Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla, men samarbeider lett med kollegaer, reiseleiarar og eksterne partnarar.
• Har bakgrunn frå reiseliv, media, marknadsføring eller sal – men dokumenterte resultat og relevant kompetanse er det viktigaste.
Brenn for sal og kommersiell utvikling, og finn motivasjon i å skape resultat
Hjå Fotefar får du:
• Ei sentral nøkkelrolle i ei verksemd med tydeleg identitet og sterk fagleg profil.
• Ein variert kvardag i ei reiselivsverksemd i utvikling og vekst.
• Stor påverknad på strategi, produktutvikling og vidare retning.
• Eit engasjert og kunnskapsrikt arbeidsmiljø.
• Konkurransedyktige vilkår.
• Reise – sjølvsagt. For å kunne selje og formidle Fotefar sine reiser, må du kjenne produkta våre.
Arbeidsoppgåver:
• Overordna ansvar for marknads- og salsarbeidet i Fotefar.
• Vidareutvikle og gjennomføre sals- og marknadsstrategiar for temareisene våre
• Ansvar for tekst, bilete, video og design på Fotefar sine nettsider.
• Produksjon av innhald til SoMe, nyheitsbrev, turprogram og digitale annonsar.
Ferdigheter
- Adobe InDesign
- Design
- Digitale markedskanaler
- Facebook Business Manager
- Gjennomføre aktivt salg
- Google Analytics
- Nyhetsbrev
- Planlegge markedsaktiviteter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Fotefar temareiser arrangerer gruppereiser med kunnskapsrike forelesarar til Europa, Amerika, Asia og Afrika! Gjennom Footprint Tours produserer vi også reiser for utlendingar til Noreg.
- Sektor: Privat
- Sted: SOGNEFJORDVEGEN 40, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Markedsfører, Salgsledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salg, markedsføring, reiseliv, kultur, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442531687
- Sist endret

