IKT - konsulent
Norec
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
I seksjon for verksemdstyring leverer vi støttefunksjonar av høg kvalitet til resten av organisasjonen. Her har vi kompetanse innan økonomi, rekneskap, arkiv, IKT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye digitale verktøy og leitar alltid etter betre og meir effektive måtar å jobbe på.
No ser vi etter deg som har interesse for og erfaring med teknologi og ønsker å jobbe med drift, brukarstøtte og utvikling av IKT-systema våre. Stillinga er tilrettelagt for deltid, og vi er opne for fleksible løysingar.
Du vil samarbeide tett med rådgivaren vår på IKT og saman skal de levere gode tenester til heile organisasjonen. Det er difor viktig at du er hjelpsam, løysingsorientert og har ei fleksibel tilnærming til å jobbe i ein organisasjon i stadig utvikling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Vi nyttar Microsoft 365, og jobben din blir å bidra til at kollegaene dine har best moglege løysingar innan dette universet. Dei viktigaste oppgåvene dine vil vere å:
- gi brukarstøtte og rettleiing til tilsette
- administrere brukarar og tilgangar i ulike system
- sette opp og vedlikehalde PC-ar og anna IKT-utstyr
- vere med på innføring av nye system og rutinar
- delta i digitaliseringsprosjekt og utvikling av nye løysingar
- utføre andre oppgåver innan IKT og adminstrasjon
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec er? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Ta gjerne kontakt med IKT-ansvarleg Thomas på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Har du spørsmål til sjølve stillinga er avdelingsdirektør den rette å spørje. Kontaktinformasjonen hennar finn du nedst i annonsa.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- IKT-utdanning, og/eller relevant erfaring
- erfaring med eller interesse for drift og brukarstøtte innan IKT
- god teknisk forståing og evne til å lære nye system raskt
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg sektor, men det er ikkje eit absolutt krav.
Om deg
- Du set pris på ein variert arbeidskvardag
- Du trivst med folk rundt deg
- Du tek ansvar
- Du likar å jobbe i team, men kan òg jobbe sjølvstendig
Vi legg til rette for kandidatar som ønsker å jobbe deltid.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vektlegg personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- trening i arbeidstida
- gode pensjon- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Det blir trekt trekt 2 % frå løna til Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ som konsulent (kode 1065) frå kroner 444.400 - 515.000. Lønnsplassering blir fastsett etter utdanning og erfaring.
Les dette før du søker:
- I Norec trur vi mangfald er ein stryke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
- Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker på stillinga. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
- Når søknadsfristen er gått ut lagar vi offentleg søkarliste. Dersom du ønsker å reservere deg frå å bli oppført på denne, må du krysse av for og grunngi dette i søknaden din. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan imøtekomme ønsket ditt.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442509017
- Sist endret