Nettverksingeniør
Enivest
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å drifte og vidareutvikle kritisk digital infrastruktur?
Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur? Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over 28 000 privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.
No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.
Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?
Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.
Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.
I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.
Stillinga inngår i avdelinga nettverk, og rapporterar til driftssjef.
Ønskjeleg erfaring
Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR, routing, switching og MPLS-baserte nettverk
Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk (ISP/NOC/bedriftsnettverk)
God forståing av BGP, OSPF, Multicast, IPv6 og routing i operatørnett
Erfaring frå drift av nettverk i ISP-, telekom- eller operatørmiljø
Interesse for eller erfaring med å ta i bruk AI-baserte verktøy for feilsøking, analyse, dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift.
Høgare teknisk utdanning (ingeniør/sivilingeniør) – relevant erfaring kan kompensere
Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller.
Bli ein del av Enivest
Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder og avdelingar.
Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Elektroniske kommunikasjonsnett er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet, og Enivest er ein del av den. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av 28.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, samt telefoni- og WiFi-løysingar til både privat- og bedriftskundar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og i Sogndal. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår: www.enivest.no.
- Sektor: Privat
- Sted: Firdavegen 5, 6800 Førde
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Cisco, Nettverk, Drift, Ingeniør, IT
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438402211
- Sist endret
