
Assisterande rektor
Vestland fylkeskommune
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Assisterande rektor ved Stord vidaregåande skule
Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og som vil utvikle det profesjonelle læringsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ei framtidsretta opplæring på Stord vidaregåande skule?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande rektor til Stord vidaregåande skule. Assisterande rektor må ha evne og vilje til å støtte rektor i arbeidet med å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Me har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tek til i vidaregåande opplæring skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Stord vidaregåande skule arbeider kvar dag for at alle elevar skal ha ein trygg og god skulekvardag, samstundes som skuletida skal gje rom for nye opplevingar og utfordringar.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, sal, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon, idrettsfag, medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama, studiespesialisering, innføringskurs for minoritetsspråklege, vaksenopplæring, påbygg til generell studiekompetanse og tilrettelagt opplæring.
Skulen samarbeider tett med kommunen, lokalt næringsliv og organisasjonar for å kunne gje elevane erfaringar i praksis. På same tid som me ønskjer å ha ei lokal tilknytning, så er me også oppteken av å sjå ut i verda. Skulen har lang tradisjon for internasjonale prosjekt.
Stord vidaregåande skule har omlag 830 elevar og i overkant av 150 tilsette. Skulen flytta inn i nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen hausten 2025, der dei yrkesfaglege utdanningsprogramma helt til. Dei studieførebuande programområda held framleis til på Saghaugen.
Arbeidsoppgåver
Assisterande rektor skal støtte rektor i arbeidet med å oppfylle samfunnsoppdraget.
Dette vil innebere å:
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Bidra i vidareutvikling av leiargruppa som eit samla og effektivt team
- Støtte rektor i strategi- og utviklingsprosessar
- Støtte rektor i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personal-leiing
- Vere i tett samhandling med rettleiingstenesta
- Bidra i skulen sitt samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor, kommune og andre samarbeidspartnarar
Assisterande rektor trer inn som fungerande rektor i rektor sitt fråver.
Nærare fordeling av oppgåver/ansvar i leiargruppa blir gjort etter nærare avtale.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett som assisterande rektor må stette dei formelle krava i opplæringslova § 17-2. Assisterande rektor skal ha pedagogisk kompetanse, for å ta del i dagleg drift og arbeide med utvikling av skulen.
Den som vert tilsett må:
- Ha utdanning innan skuleleiing og erfaring som skuleleiar. Anna relevant utdanning/erfaring innanfor leiing kan og bli lagt vekt på
- Ha god skriftleg og munnleg evne til å uttrykke seg
- Ha generell kunnskap, ferdigheiter og motivasjon for digitale løysingar innan forvaltning og skuleleiing
- Ha god økonomi- og systemforståing
- Ha ein leiarstil som er samlande og inkluderande, og ha evne til å skape oppslutning om felles mål
Personlege eigenskapar
Du må like å vere med ungdom og ha eit godt elevsyn med tru på at den enkelte kan lukkast med opplæringa.
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
- Open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
- Har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- Har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
- Har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
Vi tilbyr
- Gjevande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Ein raus organisasjonskultur der me vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- Deltaking og fellesskap på leiarnivå og leiarutviklingsprogram
- Løn etter avtale
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
FerdigheterAI-generert
- Utdanningsledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5411 Stord
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441607917
- Sist endret
