Direktør
Sunnhordland museum
- Frist 2.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Sunnhordland museum søkjer direktør
Ønskjer du ein spennande leiarjobb i en organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag?
Her har du ei leiarrolle som gir deg moglegheita til å gjere noko av betydning på kulturfeltet. Sunnhordland museum har mål om å vera ein profilert samfunnsaktør som gjennom sitt arbeid bidreg til å utvikla samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid i Sunnhordlandsregionen.
Som direktør vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikla organisasjonen og museet si samfunsrolle. Me ser etter deg som evner å skape entusiasme for utvikling og fornying. Du har gode strategiske eigenskapar, samstundes som du speler andre gode og evner å skape tillit.
Arbeidsstad vil vera ved Sunnhordland museum sitt hovudbygg som ligg i Leirvik på Sunnhordlandstunet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som direktør får du det overordna ansvaret for museet. Du blir leiar for ein engasjert og fagleg dyktig stab på elleve personar som har som formål å yte sørvis til organisasjonen og bidra til ei god administrativ drift av museet.
Sentrale arbeidsoppgåver og ansvar vil vera
strategisk arbeid for å auke museet sine eigne inntekter og redusere sårbarheita for budsjettendringar
representasjon og kommunikasjon utad
prosjektleiing knytt til nytt museumsbygg og andre utviklingsprosjekt
førebu saker for styret og setja styrevedtak ut i livet
ha god dialog med offentlege styresmakter og andre samarbeidspartnarar
vidareutvikla organisasjonen i tråd med den nasjonale museumspolitikken
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
Me trur at vår nye direktør er ein tydeleg leiar som er synleg utad og har eit smittande engasjement. Du har gode leiareigenskapar med evne til å sjå og utvikle medarbeidarar, og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du er endringsvillig, offensiv og kreativ i møte med museet sine utfordringar. For å trivast i jobben trur me det er viktig at du har gode kommunikasjonsferdigheiter, motiveras av å jobba saman med andre og er oppteken av resultat og kvalitet.
Vidare ønskjer me at du har
relevant høgare utdanning, men har du god erfaring kan dette kompensera for manglande formell utdanning
erfaring frå endringsleiing og omstillingsprosessar
personalleiarerfaring
god økonomiforståing
god evne til skriftlege framstillingar på nynorsk
Me høyrer gjerne meir om di erfaring og dei impulsane du kan ta med deg til Sunnhordland museum.
Kvifor Sunnhordland museum?
Me tilbyr ei spennande og viktig leiarstilling i ein kulturinstituasjon med stor tru på framtida.
Stillinga gir moglegheit for å vere med på å forme framtida for museumssektoren i regionen.
Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og vårt oppdrag i samfunnet.
Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
Museet tilbyr konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknadsfrist: 2. januar 2026 – me vurderer søknader fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevaren
Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Sunnhordland museum i den innleiande fasen. Tiltreding etter nærare avtale.
Ferdigheter
- Budsjettansvar
- Historie
- Kommunikasjonsevner
- Kunst
- Ledelse
- Museumsbygg
- Nynorsk
- Strategiutvikling
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland museum er “minnebanken” for heile Sunnhordland med kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Sunnhordland museum har stor geografisk spreiing, og avdelingane har stor tematisk breidde. Dei forvaltar nær 50 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, samt foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, via den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne skips- og petroleumsindustri.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Museumsbakken 16, 5417 Stord
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Direktør, Leder, CEO, President, Leiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438794224
- Sist endret
