Me søkjer rektor Bulken skule
Voss herad Grunnskule
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å vidareutvikla vossaskulen?
Om arbeidsstaden:
Bulken skule har i dag 90 elevar og om lag 14 tilsette. Skulen ligg flott plassert med Vangsvatnet som næraste nabo og ei mil frå Voss sentrum.
Voss herad søkjer ein utviklingsorientert og kvalitetsbevisst skuleleiar i 100 % stilling som vil bidra aktivt til å utvikle Bulken skule, med målsetjinga av at alle elevar skal oppleve meistring og læring kvar dag. Me søkjer etter ein utviklingsorientert leiar som oppteken av å skape gode, framtidsretta, inkluderande og trygge skulemiljø, i ein skulekultur der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
Som skuleleiar i Voss herad skal du:
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverar til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Sikre ei god dagleg drift av skulen
- Fremja arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere imøtekomande og oppteken av å skapa gode tenester
- Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar og implementere kollektive satsingar i vossaskulen i eiga eining
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og bidragsytar til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
- Leie arbeidet med å utvikla eit trygt, varmt og inkluderande skule og læringsmiljø
- Økonomi og personalansvar
- Leie og motivera tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling og felles orientering
- Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgje opp heradet- og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa
Kvalifikasjonar:
- Du har relevant høgare utdanning, solid leiarerfaring samt pedagogisk utdanning og erfaring
- Du har eit syn på læring som er i tråd med gjeldande læreplan og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis.
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Rektorutdanning/leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar som kan stå fram og viser retning
- Du kommunisera godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Du er oppteken av å byggje gode relasjonar med elevane, føresette og dei tilsette
- Du oppteken av å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
- Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
- Du er modig, har god gjennomføringsevne, er oppteken av å sjå moglegheiter og har interesse for endringsarbeid og kvalitetsutvikling
- Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress
Me tilbyr
- Ein arbeidskvardag som gjev meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
- Ein spanande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
- Ein vossaskule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
- Eit samarbeidande rektorkollegium med pågangsmot og eit aktivt pedagogisk miljø der det blir lagt vekt på samarbeid samt fagleg og personleg utvikling
- Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Digitale ferdigheter
- Utdanningsledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss tinghus, 5700 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, oppvekst, leiing, ledelse, skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441271850
- Sist endret
