Kommunalsjef utvikling og drift
Etne kommune
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og forme framtida i Etne kommune?
Etne kommune søkjer ein samfunnsengasjert og framtidsretta kommunalsjef for utvikling og drift som vil bidra til å skapa gode løysningar for innbyggjarane, næringslivet og tilsette.
Du vil få ansvar for eit breitt fagområde innan teknisk drift og forvaltning. Dette omfattar m.a. plan, bygg og eigedom, veg, VAR, beredskap, brannvern, landbruk og næringsliv. Som del av leiargruppa til kommunedirektøren vil du ha ei sentral rolle med å vidareutvikla og sikre god samhandling på tvers av fagområda og nivå i kommunen, samt delta i regionalt og interkommunalt samarbeid. Gjennom satsinga Etne 2030 Vegen til 2040 arbeidar kommunen målretta for berekraftig utvikling, lokal verdiskaping og langsiktig samfunnsbygging.
Etne kommune er ein veldriven kommune med god økonomisk styring, dyktige tilsette og engasjerte innbyggjarar. Kommunen har eit rikt lokalsamfunn, kombinert med storslagen natur, gode levevilkår, eit bredt kultur- og fritidstilbod. Kommunen har dei siste åra markert seg offensivt og framtidsretta med satsing på m.a. bustadbygging, arealbruk, nyskapande aktivitetsområde, kultur, næringsliv og gunstige ordningar spesielt retta mot unge i etableringsfasen og barnefamiliar (https://www.etne.kommune.no/mittetne).
Me søkjer deg som er god på å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Som kommunalsjef utvikling og drift er du opptatt av å setja service, kvalitet og omdømebygging i sentrum og har evne til å skapa gode relasjonar med folk omkring deg.
Etne kommune sine verdiar er: trygg, raus og engasjert!
Arbeidsoppgåver:
Jobba saman med kommunedirektøren og leiargruppa i overordna planlegging og strategi
Økonomi- og budsjettansvar for sektoren
Overordna ansvar og tilråding i politiske saker, samt ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak
Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane Utvikling, Drift og vedlikehald, samt Brann og redning
Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren, tilrettelegging og oppfølging av næringsliv og reiselivsnæringa, samt samarbeid med Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage
Ansvar for å styra prosjekt og investeringsportefølje
Overordna beredskapsarbeid
Kvalifikasjonar:
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule
Det er viktig med god økonomiforståing og styringskontroll
Relevant leiarerfaring
Praktisk og teknisk forståing innan eit eller fleire av områda er ein fordel
Kjennskap og forståing fra omstilling og kontinuerlig forbetring
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk
Personlege eigenskapar:
Evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig, og ha god gjennomføringsevne
Me søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
Samarbeidsorientert, med gode kommunikasjonsevner
Arbeider målretta og har evne å handtera fleire prosjekt samtidig
God på samhandling og skapa tillit
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
Me tilbyr:
Me kan tilby ein spennande, variert og utviklingsorientert leiarstilling, der du får delta både i strategisk arbeid, samfunnsutvikling og drift
Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
Tverrfagleg arbeidsmiljø med trygge, rause og engasjerte kolleger
Ei sentral rolle for deg som vil bidra til å påverka og vidareutvikla Etne kommune til ein attraktiv stad å leve og busetje seg i
Om arbeidsgiveren
Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda. Etne kommune har ca. 270 årsverk / 440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk. Etne kommune har om lag 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.
Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, reiseliv, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvene på Vestlandet. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. Etnemarknaden, Skånevik Bluesfestival og Etne Cup er populære arrangement som samlar store folkemengder frå fjern og nær. Kjerneverdiane våre er: vær Trygg – Raus – Engasjert
For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjoarvegen 20, 5590 Etne
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Samfunnsanalytiker
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Teknisk drift, Forvaltning, Prosjektstyring, Interkommunalt samarbeid, Næringsliv
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434901564
- Sist endret
