Teknisk Koordinator
Alsaker Fjordbruk AS
- Frist 1.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Teknisk koordinator
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
På jobb som teknisk koordinator hjå oss får du varierte dagar med utfordrande arbeidsoppgåver innan alle våre felt.
Du vil få arbeide med alt frå oppbygging og vedlikehald av våre ulike system, brukarstøtte og opplæring til våre tilsette, deltaking i revisjonar, dokumentkontroll m.m. Alt dette i tett samarbeid med våre tilsette på matfisk- og settefisklokasjonar, samt våre servicebåtar. Kontorstad vil vera på Onarheim, men du må pårekna å reise både sjøvegen og med bil til våre båtar og lokasjonar.
Arbeidsoppgåver:
Registrering og oppdatering i vedlikehaldssystem (Naviaq)
Oppfølging av fortøying, flåtar og utstyr på anlegg
Planlegging av vedlikehaldsoperasjonar
Arbeid i EQS kvalitetssystem
Delta i revisjonar, IK AKVA og Global G.A.P.
Anna administrativt arbeid
Kvalifikasjonar:
Me ser etter deg som arbeidar systematisk og nøyaktig. Du er sjølvstendig i arbeidet ditt, samtidig som du er god på dialog og samarbeid. God teknisk innsikt er ein føresetnad. Kjennskap til IK Akva og NYTEK vil vera ein fordel. Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå oppdrettsverksemd, og helst erfaring med vedlikehaldssystem og generelt gode datakunnskapar.
Som teknisk koordinator vil du arbeida tett saman med våre dyktige tilsette på sjø og land. Dette er ein utfordrande og spanande jobb, i eit fagleg sterkt og humørfylt miljø.
Du vil få nødvendig opplæring, med moglegheit for fagleg utvikling.
Ein del reiseaktivitet må påreknast.
Løn og tiltreding etter avtale.
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Drifte vedlikeholdssystemer
- Kvalitetsstyringssystem
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar. Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Alsaker Fjordbruk AS er administrasjonsselskapet til alle selskapa i konsernet. Hovudkontoret ligg på Onarheim i Tysnes kommune, og har ein stab på 35 personar. I tillegg til hovudkontoret har konsernet fleire andre bedrifter også tilhøyrande på Onarheim, som matfisklokasjonar, rensefiskanlegg, servicebåtar samt brønnbåtrederi, service og produksjonsbedrift, i tillegg til butikk og utleigeverksemd.
- Sektor: Privat
- Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kvalitetssikring, Revisjon og kontroll
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Kvalitetssystem, Vedlikeholdssystem, Revisjon, Oppdrettsnæring, Dokumentasjon
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440322148
- Sist endret
