FINNJobbSøkVestlandSunnfjord
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane logo
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Dagleg leiar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Førde
  • Søknadsfrist 16.9.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Lede og videreutvikle et av de største eiendomsmeklermiljøa på Vestlandet, med ansvar for drift, resultat og vekst.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring fra ledelse av større fagmiljø
  • Erfaring med organisasjonsendring, vekst eller integrasjon
  • Kommersiell forståelse og teft for markedsutvikling
  • Høyere utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring fra eiendomsmekling er en fordel

Hva vi tilbyr

  • Mulighet til å lede og forme organisasjonen
  • Medeierskap gjennom eignekapitalbevis
  • Gode finansielle vilkår
  • Flere velferdsgode
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Er du leiaren som kan samle sterke fagmiljø og skape vidare vekst?

Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane er eit veletablert selskap med ein sterk marknadsposisjon og ei lang historie på Vestlandet. No står selskapet framfor ei spennande utvikling med vidare vekst gjennom oppkjøpet av eit større eigedomsmeklarmiljø i Bergen. I den samanhengen søker vi ein dagleg leiar som skal samle eit sterkt fagmiljø, bygge ein felles kultur og vidareutvikle eit av dei leiande eigedomsmeklarselskapa på Vestlandet.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, resultat og vidare utvikling av selskapet. Du skal leie eit selskap i endring og bidra til å realisere gevinstane av vekst og oppkjøp. Ei viktig oppgåve vil følgeleg vere å samle organisasjonen, utvikle kultur og arbeidsformer på tvers av kontor og geografiske områder.

Vi ser difor etter ein leiar som kan kombinere kommersiell kraft med god menneskeleiing. Du byggjer tillit, set retning og får folk til å lukkast saman. Du er tydeleg når det trengst, samlande når det betyr mest, og trivst med å utvikle både leiarar, medarbeidarar og organisasjonar.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har erfaring frå leiing av større fagmiljø eller kunnskapsverksemder, og som kan vise til resultat gjennom andre. Du forstår korleis kultur, organisering og leiarskap påverkar prestasjonar, kundetilfredsheit og lønsemd.

For å lukkast i rolla trur vi at du:

  • har erfaring med å leie organisasjonar gjennom endring, vekst eller integrasjon

  • evnar å bygge kultur, samhandling og felles retning på tvers av einingar

  • har kommersiell forståing og teft for marknadsutvikling

  • er trygg i rolla som leiarutviklar og lagbyggjar

  • kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt mål og prioriteringar

  • har høgare utdanning på minimum bachelornivå

Erfaring frå eigedomsmekling er ein fordel, men vi er først og fremst opptekne av dokumenterte resultat innan leiing, forretningsutvikling og organisasjonsutvikling.

Kvifor søkje?

Dette er ei moglegheit til å leie og vidareutvikle eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet i ei tid med store moglegheiter. Du får ansvar, påverknad og handlingsrom til å forme både organisasjonen, kulturen og den vidare utviklinga av selskapet.

Som del av SpareBank 1 Sogn og Fjordane får du også ta del i attraktive personalordningar, mellom anna medeigarskap gjennom eignekapitalbevis, gode finansielle vilkår og fleire velferdsgode.

Du rapporterer til direktør for kunde og marknad og arbeider tett med styre, eigarar og leiarmiljø om både strategiske og operative spørsmål.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Reiel Haugland eller Regine Gausemel.

Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.

Ferdigheter
AI-generert

  • Organisasjonsutvikling

  • Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, Eiendom, Konsulent og rådgivning
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Megler, Rådgivning

Nøkkelord

Ledelse, Eiendomsmegling, Kulturbygging, Megling, Bank

Spørsmål om stillingen

RH

Reiel Haugland

Direktør Kunde og Marknad

Firmaets beliggenhet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

134 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Bli kjent med nokre av oss
  • Om banken
Kvifor jobbe hos oss?

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473753244
  • Sist endret: 18.8.2026, 12:45
  • Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse