Kommunedirektør
SUNNFJORD KOMMUNE
- Søknadsfrist 15.09.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunedirektør i Sunnfjord kommune
Vi søkjer kommunedirektør som ønskjer å utvikle Sunnfjord kommune for framtida.
Stillinga gir deg spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som gir deg moglegheita til å forme organisasjonen og skape trivelege samfunn. Sunnfjord er eit vekstsamfunn med god trivsel og gode tenester for innbyggjarane. Det er ønskjeleg at vår nye kommunedirektør deler verdiane i organisasjonen og i lokalsamfunnet vårt, og brenn for heilskaplege løysingar.
Sunnfjord er ein nynorskkommune.
Arbeidsoppgåver:
- vere oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar i tett samarbeid med politisk leiing
- sjå og utvikle moglegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar
- leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen
- utvikle Sunnfjord kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon
- god økonomistyring
- vere bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen
- etablere gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar
Vi søkjer etter ein toppleiar med følgjande kvalifikasjonar:
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå eller tilsvarande innafor relevante fagområde for kommunal forvaltning
- solid leiarerfaring (frå offentleg og/eller privat verksemd)
- god økonomiforståing
- handlings- og løysingsorientert
- god relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- erfaring frå offentleg forvaltning og politiske prosessar vil bli vektlagt
Ved tilsetjinga vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønskjer ein toppleiar som er:
- tydeleg, strukturert og samtidig inkluderande med god evne til å skape tryggleik og motivasjon for omstilling
- i stand til å vidareutvikle og styrke eiga leiargruppe og sikre ein effektiv organisasjon
- handlings-, resultat- og løysingsorientert, og med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk
- samfunnsengasjert med evne til å sjå verdiane, utfordringane og moglegheitene som ligg i kommunen og regionen
Vårt verdigrunnlag:
Sunnfjord kommune har valt fylgjande verdiar som styrande for arbeidsgjevarpolitikken: Engasjert - Inkluderande - Nær.
Verdiane skal vere styrande for korleis vi møter våre brukarar, innbyggjarar og kvarandre som tilsette i Sunnfjord kommune.
Sunnfjord kommune tilbyr:
- ei spennande direktørstilling i ein triveleg kommune
- arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
- moglegheiter for personleg utvikling
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generelle opplysningar
Alle førespurnader til Capus blir behandla konfidensielt innanfor rammene av gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova § 25 vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentlegheit, må grunngje dette særskilt. Kommunen gjer ei konkret vurdering av førespurnaden. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover og reglar for offentleg sektor.
Ta kontakt med Capus ved Per Jorem på telefon 400 21 560 eller Åslaug Krogsæter på telefon 909 13 333.
Søknadsfristen er seinast 15.09.2026. Ikkje vent med å søkje - vi les søknader fortløpande.
CV og søknad kan du laste opp hos Capus.
Ferdigheter AI-generert
- Forvaltningsarbeid - Kommunalt
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
(1/2)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke. Kommunen har om lag 23 000 innbyggjarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen, og har eit rikt kulturliv og eit breitt tilbod av bustader.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hafstadvegen 42, 6813 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 473056609
- Sist endret:
- Org.nr.: 918672710Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)




