Analyse- og teknologiutviklar
- Søknadsfrist 16.9.2026
- Sektor Privat
Vil du utforske korleis data, automatisering og kunstig intelligens kan skape verdi i banken?
Vi ser no etter deg som vil bruke data til å skape innsikt, utvikle analysar og modellar, og ta i bruk ny teknologi som gir verdi i banken.
Du trivst med å løyse problema vi ikkje har løyst enno, og forstår korleis data, analysar og teknologi kan skape verdi i banken.
Du blir ein del av Innsikt, banken sitt fagmiljø for data og analyse, og av avdelinga Økonomi og innsikt med 14 medarbeidarar innan økonomi, analyse, teknologi og styring.
Vi arbeider med moderne teknologi for databehandling, automatisering og KI. Verktøy vi nyttar omfattar mellom anna Python, Snowflake, Microsoft Fabric, Power BI og Power Platform.
I denne rolla er du med på å utvikle korleis banken brukar data, automatisering og kunstig intelligens. Du vil vurdere nye metodar, finne ut kva som er verdt å gjere, få det gjennomført og samtidig sikre at løysingar fungerer i praksis og blir brukte.
Kva skal du jobbe med?
Utforske, analysere og strukturere data for å skape innsikt og betre avgjerdsgrunnlag
Utvikle analysar, modellar og datadriven avgjerdsstøtte som støttar prioriteringar og avgjerder i banken
Identifisere moglegheiter for automatisering og kunstig intelligens, utvikle prototypar og bidra til løysingar som skapar verdi for banken
Bidra til vurdering og innføring av nye teknologiar, metodar og løysingar.
Samarbeide med fagmiljø i banken og i alliansen for å utvikle og ta i bruk datadrivne løysingar
Ta aktivt eigarskap og vere ein pådrivar for meir effektiv bruk av data og teknologi i organisasjonen
Kven ser vi etter?
Du har erfaring med å jobbe med data, analyse eller teknologi, og trivst med å omsetje problemstillingar til innsikt, analysar og løysingar. Du er komfortabel med å drive oppgåver fram frå idé til gjennomføring, og likar å setje deg inn i nye problemstillingar for å finne ut kva som gir verdi.
Du har relevant høgare utdanning innan teknologi, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande fagområde, og erfaring med analyse, databehandling, modellering, automatisering eller systemutvikling.
Du har god forståing for moderne teknologi, skybaserte løysingar og digitale plattformer. Du er analytisk og evnar å sjå samanhengar i data, omsetje innsikt til konkrete forslag og forstå korleis teknologi kan løyse reelle behov i banken.
Du tek eigarskap til fagområdet, ser nye moglegheiter og bidreg aktivt til å forme korleis banken skal nytte data, automatisering og KI i åra som kjem.
Du må ha erfaring med analyseverktøy, dataplattformar og skyteknologi. Erfaring frå bank eller finans er positivt, men ikkje avgjerande.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss får du jobbe tett på problemstillingar som betyr noko for heile banken. Du får påverke korleis vi brukar data, analyse og kunstig intelligens i praksis.
Vi har korte vegar til avgjerder, og eit miljø der folk støttar kvarandre og deler kompetanse. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan økonomi, analyse og styring.
Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter.
Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med teamleiar Vidar Kjøpstad
Søknadsfrist: 16.september
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.
Ferdigheter AI-generert
- Analysere data
- Behandle data
- Modellbygging
- Nettskyteknologier
- Power BI
- Python (dataprogrammering)
- Snowflake
- Statistiske analyser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, IT, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Analyse, Dataanalytiker, Forretningsutvikling og strategi
Nøkkelord
Analyse, Teknologi, Automatisering, KI, AI
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474753434
- Sist endret:
- Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

