Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane
- Søknadsfrist 31.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane hjelper kundar gjennom ei av dei viktigaste avgjerdene i livet. Med lokal kompetanse, lang erfaring og sterke fagmiljø er målet vårt enkelt: å vere den føretrekte eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane.
No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.
Florø-kontoret består av fem tilsette og har sterk lokal forankring. Samtidig har du kollegaer og faglege ressursar i heile EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane. Vi deler kompetanse på tvers av kontora og bruker kvarandre aktivt som sparringspartnarar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
Formidle bustader og nybygg i Florø og omegn
Gjennomføre synfaringar, verdivurderingar, visingar og bodrundar
Følgje opp kundehenvendingar og leads frå eigne og felles kanalar
Følgje kundane gjennom heile salsprosessen
Samarbeide tett med rådgivarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Bidra til vidare vekst og synlegheit i marknaden
Kven ser vi etter
Du er autorisert eigedomsmeklar og trivst med å jobbe tett på både kundar og lokalmiljø. Du er oppteken av å levere kvalitet i arbeidet ditt og skape gode kundeopplevingar frå første møte til handelen er gjennomført.
Vi trur du lykkast hos oss dersom du er relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande. Du jobbar strukturert, tek ansvar for eigne resultat og har evne til å skape aktivitet i marknaden. Kjennskap til Florø og Kinn er ein fordel, men ikkje eit krav. Kanskje ønskjer du å flytte heim att eller etablere deg i ein region med gode moglegheiter både profesjonelt og privat.
Kvifor velje oss
Som eigedomsmeklar hos oss får du ein sterk marknadsposisjon i ryggen. EiendomsMegler 1 og SpareBank 1 Sogn og Fjordane er kjende namn i regionen. Det gir deg gode føresetnader for å lukkast og utvikle deg vidare som eigedomsmeklar.
Vi tilbyr provisjonsbasert garantiløn og gode moglegheiter for høg inntening. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærvilkår på banktenester og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med konstituert dagleg leiar, Kjartan Aarnes
Søknadfrist: 31. august
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. For stillinga krevst det gyldig politiattest, som må leggjast fram før tilsetjing.
Ferdigheter AI-generert
- Eiendomsmegling
- Landmålerbrev' i henhold til matrikkellova §38
- Verdivurdering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 45, 6905 Florø
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Eiendom, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
Nøkkelord
Eiendomsmegler, Salg, Eiendom, salgsprosess, Eiendomsmeklar
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472891905
- Sist endret:
- Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)