Rådgjevar/seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Søknadsfrist 31.08.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Strategisk planlegging - kollektivtilbod
Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet vårt til dei reisande og å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i mobilitetssystemet er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i
mobilitetssystemet.
Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du inngå i eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre er mellom anna å utarbeide langsiktige planar for tilbodet, å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, og å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evnar å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland. Vi treng no ein vikar for det neste året.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med
- analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod
- strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø
- dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar
- intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Du vil løyse oppgåvene i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
I tillegg er det fint om du har
- erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging
- god forståing for prosessleiing og interessehandtering
- kunnskap om kva moglegheiter ny teknologi kan gi oss
- kjennskap til vestlandsregionen
- kjennskap til offentleg forvalting.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
- vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by
- er nysgjerrig og arbeider faktabasert og analytisk
- har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat
- trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap
- bidrar til det gode arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. Arbeidsstaden din vil vere i Vestlandshuset i Bergen sentrum.
I tillegg tilbyr vi:
- Moglegheit til å utvikle deg fagleg
- Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
- Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Ferdigheter AI-generert
- Analysere data
- Erfaring innen byplanlegging,
- Lede utviklingsprosesser
- Prosjektering av infrastruktur
- Transportplanlegging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles Gate 22, 5020 Bergen
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kollektivtransport, skyss, samferdsel, planlegging, klima og miljø
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 473618345
- Sist endret:
- Org.nr.: 992051825Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

