Rådgjevar/seniorrådgjevar - utdanning
Statsforvaltaren i Vestland
- Søknadsfrist 24.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å arbeide med skuleelevar sin rett til eit trygt og godt skulemiljø?
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling på utdanningsområdet, der hovudoppgåva vil vere arbeid med skulemiljø. Statsforvaltaren vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagde aktivitetsplikta i elevsaker. Vi rettleiar også elevar, foreldre og skulesektoren om regelverket.
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar med erfaring frå arbeid med grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Stillinga høyrer til forvaltningsseksjonen, som har 18 tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.
Arbeidsoppgåver
I stillinga vil du
- sakshandsame saker om skulemiljø
- rettleie skulesektoren og privatpersonar om problemstillingar knytt til kapittel 12 i opplæringslova
- ved behov arbeide med andre saker knytt til opplæringslov og barnehagelov
- samarbeide tett med dyktige kollegaer med ulik fagbakgrunn
Kvalifikasjonar
For å arbeide hos oss må du ha
- høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- erfaring frå arbeid i, eller med, grunnskule og/eller vidaregåande opplæring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
- kunnskap om kommunesektoren, offentleg forvaltning og Statsforvaltaren si rolle i styringssystemet
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har
- evne til å fordjupe deg i eit fagfelt, og som tek ansvar for å halde fristar og følgje opp eigne sakar
- evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
- evne til å rettleie barn og vaksne i sårbare situasjonar
- vilje og evne til å samarbeide, både med kollegaer og eksterne, om å løyse oppgåvene på best mogeleg måte
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver som har betyding for barn og unge sine liv
- eit godt, inkluderande, tverrfagleg arbeidsmiljø der vi arbeider saman om å løyse oppgåvene
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
- høve til heimekontor ein dag i veka
- arbeidsplass i nye aktivitetsbaserte lokalar
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Ferdigheter AI-generert
- Kjennskap til opplæringsloven
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Motorhallen, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472138886
- Sist endret:
- Org.nr.: 974760665Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

