FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Prosjektleiar

Vestland fylkeskommune

  • Søknadsfrist 08.09.2026
  • Ansettelsesform Fast

Prosjektleiar

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin eigar- og byggherrefunksjon og eransvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar.Samla areal på eigedomsmassen er over 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar,kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.


Arbeidsoppgåver

Seksjon for utbygging har ansvar for gjennomføringa av alle investeringsprosjekt innan bygg i Vestland fylkeskommune. Vi ser no etter ein engasjert medarbeidar i eit aktivt miljø. Arbeidsoppgåvene er utvikling, planlegging og gjennomføring av ulike bygge- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjektleiaren har ei sentral rolle som skal sikre at prosjekta blir gjennomført i samsvar med interne rutinar og krav knytt til økonomi, framdrift,kvalitet, miljø og tryggleik. Prosjektleiaren er bindeleddet for å sikre eit godt samspel med tilsette, brukarar og andre samarbeidspartar internt og eksternt.

Kvalifikasjonar

Vi søker etter kandidatar som har høgare utdanning på master eller minimum bachelornivå innan bygg- eller tekniske fag. Anna dokumentert, relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Relevant praksis frå arbeidsområdet er positivt, men velkvalifiserte nyutdanna vil òg bli vurderte. Vi legg til rette for kompetansebygging gjennom å dele erfaring, arbeid i ulike prosjektgrupper og kurs. Oppfølgjing av ulike prosjekt kan i periodar medføre litt reising så du treng førearkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Vi søker medarbeidarar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet og utviklinga av avdelinga. Vi legg vekt på ei positiv innstilling, interesse for oppgåvene og at du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Stilinga er krevande og krev gode leiareigenskapar og samarbeidsevner. Du må ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og ha god norsk framstillingsevne , munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Hjå oss får du utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt og inkluderande fagmiljø. Vi søker å legge til rette for ei god fagleg utvikling og gradvis tilpasse ansvar og oppgåver. Løn etter avtale og vi har gode forsikrings - og pensjonsvilkår. Vi har ei fleksibel arbeidstid og ordning med heimekontor etter avtale.

Ferdigheter
AI-generert

  • Arkitektur
  • Framdriftsplanlegging
  • Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
  • Prosjektbudsjettering
  • Sikring av byggeplass

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Bygg og anlegg, Eiendom
  • Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Prosjektledelse

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jan Tore Rosenlund
  • Stillingstittel: utbyggingssjef
  • Mobil: 91 67 47 35
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1586 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 472921976
    • Sist endret: 11.8.2026, 12:48
    • Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse