Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Klinikkleiar

Vestland fylkeskommune

  • Søknadsfrist 17.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Bli leiar i tannhelsetenesta

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.

God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter tre nye klinikkleiarar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing.

Hesthaugen klinikkområde

Du får ansvaret for Hesthaugen tannklinikk med 17 tilsette. Klinikken held til i nærleiken av Åsane terminal, med god kollektivtilkopling.

Arna klinikkområde

Du får ansvar for Arna tannklinikk og Osterøy tannklinikk som til saman har 20 tilsette. Arna tannklinikk ligg sentralt plassert i Øyrane torg med kort veg til togstasjon, medan Osterøy tannklinikk er samlokalisert med Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg, om lag 40 minutts køyring frå Bergen. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Arna tannklinikk

Nordhordland klinikkområde

Du får ansvar for tannklinikkane i Eivindvik , Manger, Lindås og Nordhordland med til saman 33 tilsette. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Nordhordland tannklinikk i Knarvik.

Som klinikkeleiar for eit av desse klinikkområda, får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for personalleiing av dei tilsette, inkludert kompetanseutvikling, medarbeidaroppfølging og
    rekruttering.
  • Byggje og vidareutvikle trygge og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
  • Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigne klinikkar
  • Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
  • Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
  • Sikre at klinikkane tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.

Som klinikkleiar vil du vere ein aktiv deltakar i områdeleiar si leiargruppe og bidra i strategiske utviklingsprosessar for tannhelseområdet i Vestland fylkeskommune

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande
  • erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • godkjent politiattest

Det er ønskjeleg at du har:

  • utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
  • erfaring frå offentlege helsetenester
  • erfaring med endring- og omstillingsprosessa

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
  • evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
  • byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
  • tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
  • er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
  • byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.

Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.

Vi tilbyr

  • ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
  • deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
  • eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
  • løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga

Ferdigheter
AI-generert

  • Bedriftsøkonomi
  • Budsjett- og økonomioppfølging
  • Norsk
  • Økonomistyring

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 
  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Åsamyrane 88A, 5116 Ulset
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Tannhelse
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Klinikkleiar

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Agnete Norheim Kaldestad
  • Stillingstittel: områdeleiar tannhelse
  • Mobil: 41 64 49 36
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1589 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Åsamyrane 88A, 5116 Ulset

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 469438731
    • Sist endret: 10.7.2026, 13:56
    • Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse