Leiar for teknologi og medisinsk teknikk
Helse Fonna HF
- Søknadsfrist 17.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar for teknologi og medisinsk teknikk
Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling.
Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta.
Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute).
Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området.
Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling.
Kva går jobben ut på?
- Leie og følgje opp det daglege arbeidet i seksjonen, med ansvar for drift og framdrift
- Ha personalansvar og bidra til utvikling av medarbeidarar og fagmiljø
- Sikre forsvarleg drift, vedlikehald og forvaltning av medisinteknisk utstyr
- Planleggje og følgje opp anskaffingar, utskifting og livssyklus, samt bidra i investeringar og prioriteringar
- Samarbeide tett med kliniske miljø, leverandørar og IT for å finne gode løysingar, sikre integrasjon og etterleving av lover og standardar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, medisinteknikk, teknologi eller liknande
- Erfaring med drift, forvaltning eller teknisk leiing.
- Ønskeleg erfaring med medisinteknisk utstyr eller tilsvarande teknologiske miljø
- Ønskeleg med erfaring med anskaffingar og leverandøroppfølging
- Tilfredstille krava til DSB samtykke og reparasjon av elektromedisinsk utstyr er ein fordel
- Kjennskap til regelverk for medisinsk utstyr er ein fordel
- Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ein tydeleg og trygg leiar
- har god teknisk forståing og interesse for medisinteknologi
- er strukturert og evnar å prioritere i ein kompleks kvardag
- har høg gjennomføringsevne
- byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med tekniske og kliniske miljø
- er oppteken av kvalitet, tryggleik og forbetring
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Ei viktig leiarrolle i ei samfunnskritisk verksemd
- Ein jobb med meining – du bidreg direkte til pasienttryggleik
- Eit sterkt fagmiljø innan teknologi og helse
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Trygge rammer og gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Biomedisinsk teknikk
- Medisinsk utstyr
- Teknologiledelse
- Vedlikehold av teknisk utstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, teknologi, helse, medisinsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469652431
- Sist endret

