Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Haugesund
Bilde fra arbeidsgiver

Klinikkdirektør kirurgisk klinikk

Helse Fonna HF

  • Søknadsfrist 23.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Klinikkdirektør kirurgisk klinikk

Helse Fonna HF søkjer ein strategisk, samlande og handlekraftig klinikkdirektør til kirurgisk klinikk. Dette er ei sentral toppleiarrolle for deg som vil kombinere strategisk leiing, fagleg utvikling, god drift og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Kirurgisk klinikk har eit breitt samansett fagmiljø med høg aktivitet, og omfattar fleire kirurgiske spesialitetar, poliklinikkar, operasjons- og sengeeiningar.

Som klinikkdirektør får du det overordna faglege, økonomiske og administrative ansvaret for den samla drifta i klinikken. Du blir ein del av den øvste leiargruppa i føretaket, bidreg aktivt til den strategiske utviklinga av heile Helse Fonna og rapporterer direkte til administrerande direktør.

Dette er ei leiarrolle med stort ansvar og med stor moglegheit til å påverke utviklinga av kirurgiske tenester i regionen.


Ditt ansvar

  • Strategisk leiing: Leie, motivere og vidareutvikle ein stor og kompleks kompetanseorganisasjon i tråd med utviklingsplanane til Helse Fonna.
  • Økonomi- og resultatansvar: Sikre forsvarleg økonomisk styring, budsjettbalanse og effektiv ressursutnytting i ei tid med omstilling.
  • Kvalitet og pasienttryggleik: Sørgje for at pasientbehandlinga held høgt fagleg nivå, og at klinikken følgjer opp kvalitetsindikatorar, pasienttryggleik og fristar.
  • Samhandling og omstilling: Drive kontinuerleg forbetringsarbeid, standardisering av pasientforløp og samarbeid på tvers av sjukehusa i føretaket og med primærhelsetenesta i regionen.
  • Arbeidsmiljø: Bidra til eit inkluderande, trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane i klinikken, og ivareta eit godt partssamarbeid med tillitsvalde og verneombod.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant høgare utdanning. Det er ein fordel med mastergrad, men dette er ikkje eit krav.
  • Helsefagleg bakgrunn er ein fordel.
  • God leiarerfaring.
  • God erfaring med budsjettstyring, økonomioppfølging og resultatstyring.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

    Kva ser vi etter hos deg?

    • Tydeleg og trygg: Du er ein synleg leiar som kommuniserer godt, skapar tillit og har stor gjennomføringskraft.
    • Strategisk og analytisk: Du evnar å løfte blikket, sjå heilskapen for regionen og ta avgjerder i komplekse situasjonar.
    • Relasjonsbyggjar: Du samarbeider godt, lyttar og skaper tillit på tvers av profesjonar, avdelingar og samarbeidspartnarar.
    • Løysingsorientert: Du blir motivert av utfordringar og finn handlingsrom i ein kvardag med endra rammevilkår.

    Personlege eigenskapar blir vektlagde.

    Kvifor skal du velje oss?

    • Ei av regionen sine mest spennande, utfordrande og sentrale leiarstillingar innan spesialisthelsetenesta.
    • Høve til å vere med og utvikle framtidas pasienttilbod i regionen.
    • Ansvar for ein klinikk med medarbeidarar med høg fagleg kompetanse og eit sterkt tverrfagleg miljø.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

    Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Ferdigheter
    AI-generert

    • Budsjett- og økonomioppfølging
    • Budsjettarbeid
    • Kvalitetsstyring
    • Norsk
    • Økonomistyring

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    • Sektor: Offentlig
    • Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    • Bransje: Helse og omsorg
    • Stillingsfunksjon: Ledelse
    • Arbeidsspråk: Norsk

    Nøkkelord

    direktør, kirurgisk klinikk, toppleiar, spesialisthelsetenesta, helseleiing

    Helse Fonna HF logo

    Spørsmål om stillingen

    • Kontaktperson: Anders Hovland
    • Stillingstittel: Administrerande direktør
    • Mobil: 93 28 75 65
    Send meldingSend SMS
    • Kontaktperson: Siren Eldøy Hinderaker
    • Stillingstittel: HR direktør
    • Mobil: 92 22 08 94
    Send meldingSend SMS
    • Bli kjent med Helse Fonna HF
    • Flere stillinger fra Helse Fonna HF

    301 følger dette firmaet

    Firmaets beliggenhet

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 470486637
    • Sist endret 22.7.2026, 12:56
    Rapporter annonse