Leiar for helsedata og dataflyt
Helse Fonna HF
- Søknadsfrist 17.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar for helsedata og dataflyt
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna.
Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta.
Kva går jobben ut på?
- Leie og utvikle seksjonen, med ansvar for medarbeidarar og fagmiljø
- Sikre stabil drift og god forvaltning av pasientdatasystem
- Ha ansvar for integrasjonar og samspel mellom system
- Leie og bidra i prosjekt, samt prioritere og forbetre arbeidet kontinuerleg
- Samarbeide med kliniske miljø og sikre personvern og informasjonssikkerheit
- Vidareutvikle struktur, arkitektur og beste praksis for dataflyt
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgare utdanning innan IT, teknologi, helse eller liknande
- Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring med prosjektleiing eller leiing av større leveransar
- God forståing for personvern og informasjonssikkerheit
- Ønskeleg med erfaring innan integrasjonar mellom system (til dømes API-ar, meldingsutveksling eller dataplattformer)
- Ønskeleg med erfaring med systemforvaltning eller dataplattformer
- Ønskeleg erfaring med helsedata eller kliniske system
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- trivst med å kombinere leiing, prosjektarbeid og operativt arbeid
- har god teknologiforståing og interesse for systemintegrasjon
- er strukturert og evnar å drive fram komplekse leveransar
- er løysingsorientert og får ting til å skje
- byggjer gode relasjonar og samarbeider på tvers
- kommuniserer godt med både tekniske miljø og brukarar
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Ei sentral rolle innan eit område med stor utvikling
- Ein jobb med meining – du bidreg direkte til betre helsetenester
- Moglegheit til å påverke korleis helsedata blir brukt i praksis
- Eit sterkt, tverrfagleg miljø innan teknologi og helse
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Trygge rammer og gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- IKT-systemintegrering
- Informasjonssikkerhet
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
data, helsedata, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469652195
- Sist endret

