Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Haugesund

Fagingeniør, Patologi

Helse Fonna HF

  • Frist 19.07.2026
  • Ansettelsesform Fast

Fagingeniør, Patologi

Vil du jobbe med moderne laboratoriedrift og bidra til rask og presis diagnostikk for pasientane våre?

Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin.

Her får du jobbe i eit moderne fagmiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.

På avdelinga har vi teke i bruk ny og avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling. Vi arbeider med diagnostikk av sjukdomar gjennom undersøking av vev- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår, og arbeidet er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose.

Som fagingeniør hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk og persontilpassa behandling til kreftpasientar.

No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling med varierte arbeidsdagar. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring.

Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg skrive det i søknaden. Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne søkjarar velkomne til å søkje.

Oppstart er etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss!


Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid.
  • Betene og vedlikehalde medisinsk-teknisk utstyr.
  • Delta i laboratoriet sitt kvalitets- og forbetringsarbeid.
  • Rullere mellom arbeidsoppgåver innan fleire fagområde.
  • Ha delansvar for fagområdet immunhistokjemi.
  • Vere stadfortredar for fagansvarleg ved korttidsfråvær og ferie.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vurdert
  • Kompetanse og erfaring innan immunhistokjemi og/eller patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav.
  • Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel.
  • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar eit høgt tempo
  • har god arbeidskapasitet og er motivert for å utvikle deg i fagfeltet
  • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
  • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg til god flyt i arbeidsdagen
  • ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp
  • står trygt i krevjande situasjonar

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Løn etter avtale, ut frå dokumenterte kvalifikasjonar og erfaring.
  • Eit triveleg og aktivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
  • Eit laboratorium og eit fagområde i utvikling.
  • Ein spennande og utfordrande jobb med gode høve til fagleg og personleg utvikling.

Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Uføre laboratorieanalyser

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Bioingeniør
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

bioingeniør, fagingeniør, patologi, patologilaboratorium, immunhistokjemi

Helse Fonna HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Håvard Valvatne
  • Stillingstittel: Funksjonsleiar
Send melding
  • Bli kjent med Helse Fonna HF
  • Flere stillinger fra Helse Fonna HF

301 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468684414
  • Sist endret 2.7.2026, 13:20
Rapporter annonse