Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Vik
Bilde fra arbeidsgiver

Prosjektleiar

Sognekraft

  • Søknadsfrist 20.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med på å utvikle framtidas vasskraft i Sogn?

Hos Sognekraft er du med frå dei første planane til anlegga er i drift. Me ser etter både erfarne prosjektleiarar og ingeniørar som ønskjer å utvikle seg innan prosjektleiing. Hos oss blir ansvar og oppgåver tilpassa kompetansen, erfaringa og ambisjonane dine.

Dette blir kvardagen din

Som ein del av prosjekt- og utviklingsmiljøet vårt planlegg, utviklar og gjennomfører du utbyggings- og fornyingsprosjekt innan vasskraft. Arbeidet skjer i tett samarbeid med fagmiljø, entreprenørar, rådgjevarar og offentlege styresmakter.

Kven ser vi etter?

Du har interesse for prosjektarbeid og fornybar energi, tek ansvar og trivst med å samarbeide med andre. Enten du er erfaren prosjektleiar eller ønskjer å ta steget inn i prosjektleiing, ønskjer me å høyre frå deg.

For å lukkast i rolla trur me at du har høgare utdanning innan bygg, elektro, automasjon, maskin eller andre relevante tekniske fag. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Sidan arbeidet inneber synfaringar og prosjektoppfølging, treng du førarkort klasse B.

Har du byggfagleg bakgrunn, kan damsikkerheit og rolla som Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) vere eit spennande utviklingsspor. Me legg til rette for kompetansebygging, kurs og gradvis meir ansvar innan oppfølging av vassdragsanlegg.

Derfor trivst me hos Sognekraft

Hos oss får du tillit, ansvar og rom til å utvikle deg. Me er nærare 30 kollegaer i Sognekraft Produksjon og om lag 160 i konsernet. Det gir oss eit fagmiljø med brei kompetanse, samstundes som me er små nok til at du får påverke og kjenne kollegaene dine.

Kvardagen vekslar mellom kontor, prosjektmøte og arbeid ute på anlegg. Når dagen er over, ventar fjord, fjell og eit aktivt friluftsliv – rett utanfor døra.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med konserndirektør produksjon Erlend Bårgard tlf. 477 60 692. Me fortel gjerne meir om jobben, prosjekta og korleis det er å arbeide hos oss.

Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

Søknadsfrist 20.8.2026. Søknadene vil bli handsama fortløpande.

Arbeidsstad på kontora våre i Vik eller Sogndal kombinert med arbeid ute på prosjekt og anlegg.

Ferdigheter
AI-generert

  • Administrere elver og bekker
  • Autorisasjon som vassdragteknisk ansvarlig
  • Forstå, skrive og lese norske tekniske dokumenter
  • Kunnskap innen bygningsarkitektur og byggkonstruksjon
  • Produksjon av elektrisitet fra vannkraft

(1/4)

  • Bilde 1 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 4 i jobbannonse-galleriet

Om arbeidsgiveren

Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me 160 energiske medarbeidarar – og me vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer! På fritida likar me å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Me kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord. Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Me skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der me tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Me skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
  • Flere arbeidssteder: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
  • Bransje: Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Elektroingeniør, Prosjektledelse

Nøkkelord

Automasjon, Bygg, Elektro, Ingeniør, maskin

Sognekraft logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Erlend Bårgard
  • Stillingstittel: Konserndirektør produksjon
  • Mobil: 47 76 06 92
Send SMS
  • Bli kjent med SOGNEKRAFT PRODUKSJON AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra SOGNEKRAFT PRODUKSJON AS

35 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469411067
  • Sist endret 10.7.2026, 08:03
Rapporter annonse