Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sogndal
Bilde fra arbeidsgiver

Eigedomsansvarleg i Nav

Nav

  • Frist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere Nav sin eigedomsansvarlege på Leikanger?

Nav økonomiteneste har ei nyoppretta stilling som eigedomsansvarleg. Vi søker etter ein strukturert og engasjert kollega som får ei sentral rolle i eigedomsforvaltning av Nav sine lokale på Leikanger. Du får ei viktig rolle i å sikre gode, trygge og framtidsretta løysingar for drift, utvikling og bruk av lokala – i samarbeid med både interne og eksterne aktørar.


Nav økonomiteneste (ØT) leverer landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar og intern brukarstøtte. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle økonomiområdet og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ein spennande fase med utvikling på fleire område, også knytt til eigedomsforvaltning.

Arbeidsoppgaver

  • Gjennomføre eigedomsprosessar i samarbeid med andre leigetakarar, direktorat og kommunar
  • Forvalte leigeforhold, inkludert oppfølging av utleigar, ombygging og vedlikehald
  • Følgje opp driftsavtalar for bygget, inkludert reinhald og kantine
  • Behandle faktura relatert til eigedom
  • Budsjettere, rapportere og følgje opp økonomien i eigedomsforvaltninga
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar og delta i eigedomsfaglege nettverk
  • Drifte og utvikle fellesteneste ved Nav-bygget på Leikanger
  • Sikre etterleving av krav til sikkerheit, brannvern, bærekraft og gode fysiske arbeidsforhold

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for lågare utdanningsnivå.
  • Erfaring med å leie, støtte og koordinere prosessar i samarbeid med andre
  • God økonomisk forståing
  • God relasjonsbyggar og sterk i forhandlingssituasjonar
  • Gode evner til skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk, minst B2

I tillegg er det ynskjeleg at du har noko av dette:

  • Erfaring frå eigedomsforvaltning, avtaleoppfølging og/eller leverandøroppfølging
  • Erfaring frå, eller kunnskap om, offentleg forvaltning eller andre komplekse verksemder
  • Erfaring med å jobbe med standardar, personvern, sikkerheit og berekraft
  • Erfaring frå prosjektleiing eller teamarbeid
  • AV-teknisk eller systemteknisk god kompetanse

Personlige egenskaper

  • Du er sjølvstendig og initiativrik
  • Du er løysingsdyktig, systematisk og strukturert
  • Du er trygg i å leie møter, halde presentasjonar og skape oppslutning
  • Du er nysgjerrig og nytenkjande, positiv og serviceinnstilt
Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
  • Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
  • Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 622 000 – 700 000 kroner brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn eller anna stillingskode vurderast.
  • Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.

Kven er vi?

Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav.

Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Ferdigheter
AI-generert

  • B2 norsk språkprøve
  • Brannvern og brannslokking
  • Eiendomsforvaltning
  • Økonomistyring
  • Saksbehandling fakturering

Om arbeidsgiveren

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Eiendom, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Eiendomsansvarlig, økonomi, eiendom, eigedomsansvarleg, økonomistyring

Nav logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Torill Skårhaug
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar Rekneskap
  • Mobil: 91 52 12 63
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Andrea Tveit Paulsen
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar Fagstøtte
  • Mobil: 97 98 15 48
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Nav
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Nav

7123 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Nav logo

Nav

  • Interessert i å jobbe med IT?Firkant med pil som peker oppover mot høyre
  • NAV på LinkedINFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Les mer om oss

Firmaets beliggenhet

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468788700
  • Sist endret 3.7.2026, 13:51
Rapporter annonse