Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Vik

Elsikkerheitsingeniør/Fagleg Ansvarleg

Sygnir

  • Frist 2026-08-11
  • Ansettelsesform Fast

Du kan faget. No kan du også forme korleis det blir gjort.

Du får ein sjølvstendig kvardag der du leier, arbeider operativt i felt og har reell påverknad på korleis avdelinga utviklar seg. Er du typen som ser forbetringar og tek initiativ utan å vente på at nokon peikar deg i rett retning? Då er dette jobben for deg.

Om stillinga

Du blir leiar for DLE Sygnir. Ei lita, sjølvstendig avdeling med eit tydeleg og viktig samfunnsoppdrag: å hindre at folk og materiell blir skada av straum. Du har 80 kollegaer i Sygnir, personalansvar for to og ei sentral rolle som bindeledd mellom DSB, nettkundar og bransjen. Som del av Sygnir har du også høve til å bidra inn i andre fagområde i nettselskapet. Dette er jobben for deg som likar elektrofaget breiare enn tilsynsrolla åleine.

Kva du vil jobbe med

Dagane er varierte. Du jobbar med alt frå planlegging og utføring av tilsyn, fagtolkingar og kundedialog til utvikling av system og prosessar. Du handsamar saker etter forvaltningslova, rapporterer til DSB og sørgjer for at kompetansen i teamet er oppdatert. Kort sagt: du har oversikta, og du brukar ho.

Kven me ser etter

Nokre krav er sette av staten — dei kan vi ikkje gjere noko med:

  • Fagbrev som elektrikar og teknisk fagskule, eller relevant bachelor-/mastergrad innan elektro
  • Godkjenning som fagleg ansvarleg innan elektro/installatørprøven
  • Minimum 3 års relevant erfaring frå elektriske lågspentinstallasjonar etter fullført utdanning

I tillegg legg me vekt på:

  • Kjennskap til aktuelt regelverk, forvaltningslova og instruksar frå DSB
  • Erfaring frå DLE eller sakkyndig selskap er ein fordel
  • Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling på norsk
  • Interesse for og kompetanse på IKT-system
  • Førarkort klasse B

Kvifor Sygnir?

Sygnir er eit selskap i vekst — over 80 kollegaer fordelt på Vik, Sogndal, Lærdal, Aurland og Balestrand. Arbeidsstad er ved ein av selskapet sine lokasjonar. Me ønskjer primært at stillinga er lokalisert i Vik, men for den rette kandidaten kan andre kontorstadar vurderast. Me er ein arbeidsgjevar som satsar, og me veit at folk gjer sitt beste når dei har tillit og rom til å jobbe på eige vis. Du får fast tenestebil, fleksitid, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Men viktigast: ein jobb der du faktisk får bruke hovudet.


Klar for neste steg?

Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å jobbe tett på folk og finn meining i at arbeidet har reell verknad for tryggleiken til folk i lokalsamfunnet. Kjennest dette rett? Du treng ikkje ha alle svar, men du bør ha lyst. Send søknad og ta det derifrå.

Ta gjerne kontakt med tilsynsleiar Vidar Skåden på tlf. 913 10 282 eller konserndirektør nett Bjørn Carlsen tlf. 930 52 452 om du har spørsmål.

Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

Søknadsfrist 31.8.2026. Søknader vil bli handsama fortløpande.

Ferdigheter
AI-generert

  • Detalj prosjektering/ engineering elektro
  • Elektriske lavspenningsinstallasjoner
  • Elektroindustri (bransje)
  • Kjennskap til forvaltningslova
  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?

Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 150 ihuga medarbeidarar.

Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.  Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi.

Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
  • Sektor: Privat
  • Sted: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
  • Bransje: Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektroingeniør, Ingeniør

Nøkkelord

Tilsyn, Ingeniør, Faglig ansvarlig, Fornybar, Energi

(1/4)

  • Bilde 1 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 4 i jobbannonse-galleriet
Sygnir logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bjørn Carlsen
  • Stillingstittel: Konserndirektør nett
  • Mobil: 93 05 24 52
Send SMS
  • Kontaktperson: Vidar Skåden
  • Stillingstittel: Tilsynsleiar
  • Mobil: 91 31 02 82
Send SMS
  • Bli kjent med SYGNIR AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra SYGNIR AS

46 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468591799
  • Sist endret 1.7.2026, 13:17
Rapporter annonse