Kommunedirektør
Høyanger Kommune
- Frist 2.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunedirektør søkes til framtidsrettet Høyanger
Visjonen for kraftkommunen Høyanger er å vere ein aktiv og framtidsretta samfunnsutviklar med verdiane kraftfull, skapande og inkluderande. Som vår nye kommunedirektør skal du saman med omlag 600 engasjerte medarbeidarar og politikarar sette mål i tråd med dette. Vi har i dag eit godt og i stor grad desentralisert tenestetilbod som vi vil fortsette å styrke og forbetre.
Kommunedirektøren skal ha bevisst fokus på Høyanger som ein god stad å leve, arbeide, bu og flytte til for unge og eldre. God tilrettelegging for næringsutvikling og fleire arbeidsplassar er viktig.
Vi søkjer ein synleg, utviklings- og resultatorientert kommunedirektør som er ein god endringsleiar og organisasjonsbyggjar. Du er tydeleg men samstundes motiverande og samlande for å nå felles mål gjennom gode prosessar.
Som kommunedirektør er du ein strategisk og handlekraftig leiar med evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak. Du er bevisst rolla di og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.
Ansvar og oppgåver
Leiing av organisasjonen med fokus på godt samarbeid, strategi, heilskap, endringsleiing og god personalleiing
Effektiv drift og vidareutvikling med fokus på kvalitet og effektivitet innan gitte økonomiske rammer
God økonomistyring og rapportering
God sakshandsaming og effektiv oppfølging av politiske vedtak
Pådrivar og tilretteleggjar for samfunns- og næringsutvikling
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå høgskule/universitet
God kjennskap til kommunal verksemd
Grunnleggjande økonomikompetanse/- forståing, gjerne også innan konsesjonskraft
Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med gode resultat
Kompetanse/erfaring innan personal- og økonomi
Vi ser etter deg som er
Strategisk dyktig med evne til å tenke nytt og langsiktig
Tydeleg, løysingsorientert, handlekraftig med evne til gjennomføring
Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskap med god forståing for partssamarbeidet i norsk arbeidsliv
Trygg, tillitsskapande og opptatt at vi skal ha ein sterk VI- kultur og godt arbeidsmiljø.
Bidrar med arbeidsglede og godt humør
Vi tilbyr
ei spennande stilling som toppleiar med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein utviklingsorientert organisasjon
eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar
konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP
Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Ferdigheter
- Økonomistyring
- Personaladministrasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
Eit rikt lag- og organisasjonsliv
Fokus på samskaping og samarbeid
Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
- Sektor: Offentlig
- Sted: August Gunnarskogsgate, 6993 Høyanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: C-nivå-leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunedirektør, leiing, strategi, endringsleiing
Trappene i Dalen med 2500 trinn (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468414315
- Sist endret
