company cover image

Høyanger Kommune


Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Kvifor Høyanger? Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet! • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere! Meir informasjon om Høyanger? Sjå https://www.sognefjord.no/fjordbygder/hoyanger Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Ledige stillinger hos Høyanger Kommune