Avdelingsleiar Infrastruktur
Helse Vest IKT
- Frist 11.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Infrastruktur
Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Sidan 2004 har Helse Vest IKT levert IT-utstyr og IT-løysingar til heile Helse Vest, og vi aukar jamleg satsinga på innovasjon og nyvinningar for å forenkle pasientkvardagen.
Vi søkjer avdelingsleiar for Infrastruktur. Avdelinga har hovudansvaret for leveransar innan datanettverk, konfigurasjon av plattformer for sluttbrukarutstyr, samt dei fleste sjukehusnære tenester innan varsling og alarmar, interntelefoni og teknologi knytt til pasient-TV, informasjonsskjermer med meir.
Avdelinga består av fire seksjonar: nettverk, pasientnær kommunikasjonsteknologi, klientplattform og identitets- og tilgangsstyring. Stillinga rapporterer til divisjonsleiar og er ein del av divisjonen si leiargruppe.
Arbeidsstad vil vere Bergen, Haugesund, Førde eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med å omsetje strategi til konkrete planar, tydelege prioriteringar og heilskapleg kapasitetsstyring i avdelinga
- Ta ansvar for koordinering, forankring og målretta gjennomføring på tvers av team og einingar
- Setje retning og sikre robuste, framtidsretta tekniske løysingar på overordna nivå
- Drive kontinuerleg vidareutvikling av dei teknologiske plattformene i tråd med verksemda sine behov
- Identifisere og ta i bruk ny teknologi som skapar verdi for brukarane og verksemda
- Prioritere satsingar og teknologival basert på strategiske mål og tilgjengelege ressursar
- Ha overordna ansvar for økonomi, ressursstyring og personaloppfølging i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- Leiarerfaring frå større organisasjonar
- Erfaring frå eitt eller fleire av fagfelta som avdelinga har ansvar for
- God forståing for infrastruktur, tryggleik og kva som skal til for å levere stabile plattformer
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Må kunne tryggleiksklarerast
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er resultatorientert, set tydelege mål og har sterk gjennomføringsevne
- tek velgrunna avgjerder og står støtt i dei – også når dei er krevjande
- har god forståing for verksemda sitt samfunnsoppdrag og ser tenestene våre som del av ei større heilskap
- evnar å balansere dei strategiske hovudlinjene med dei viktige operasjonelle detaljane
- leier og arbeider konstruktivt også under press, og står støtt når du møter motgang
- er ein lagspelar som gir tillit, og som legg til rette for at medarbeidarar får brukt og utvikla kompetansen sin
- skapar engasjement og trivsel, og har eit stabilt og positivt humør
Vi tilbyr
- Ei unik moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø i ein banebrytande bransje som påverkar kvardagen til mange
- Eit meiningsfylt arbeid der du bidreg til betre helsetenester, samtidig som du får gode høve til både fagleg og personleg utvikling
- Gode og føreseielege vilkår gjennom Helse Vest sine kollektive avtalar og gode tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid, med fleksitid og 37,5 timars arbeidsveke inkludert lunsj
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom medlemskap i KLP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Alarm
- Datakommunikasjon
- ICT Security
- Identity Governance and Administration (IGA)
- Kapasitetsstyring
- Økonomistyring
- Systemkonfigurasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
infrastruktur, ledelse, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465271737
- Sist endret




