Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Systemutviklar (overingeniør/senioringeniør) ved IT-avdelinga - Sensitive data og LabIT

Universitetet i Bergen

  • Frist 12.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Systemutvikler

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga: 

Systemutviklar

Vi ønskjer å styrkje utviklingsteamet vårt med ein erfaren systemutviklar som brenn for å bygge moderne integrasjonar, robuste API-ar og brukarvenlege webapplikasjonar. Du må trivast i skjeringspunktet mellom arkitektur, utvikling og drift, og ha evne til å sjå heilskapen i komplekse systemlandskap. Hos oss får du jobbe tett med forskarar og fagmiljø som er avhengige av sikre, stabile og framtidsretta digitale tenester.

Handtering og prosessering av forskingsdata er eit område i rask utvikling, og behovet for moderne, automatiserte og skalerbare løysingar aukar. Ved IT-avdelinga si produktlinje for sensitive data, LabIT og klinikkdrift, er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og vidareutvikling av tenester som bind saman plattformene våre - med særleg ansvar for integrasjonar i våre ulike produkt som SAFE, LabIT, LittNett og tilknytte system og koplingar og integrasjonar i NORTRE samarbeidet.

SAFE er UiB sitt «sikre analyserom» og har i dag meir enn 500 brukarar frå ei brei rekke fagområde, mellom anna medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. SAFE er òg partner i NORTRE, den nasjonale infrastrukturen for personsensitive data, saman med NTNU og UiO. LabIT og LittNett tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop og sekvenseringsutstyr.

Vi deltek òg i fleire nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt støtta av Noregs forskingsråd og EU. Dette gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid med leiande fagmiljø.

Om IT-avdelinga
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Avdelinga består av om lag 140 tilsette med variert kompetanse og bakgrunn, og vi deltek i mange spennande aktivitetar på tvers av heile universitetet.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og forvalte API-ar og integrasjonar i SAFE, LabIT, LittNett og andre relaterte interne og eksterne system
  • Bidra til arkitekturval, standardisering og tekniske retningslinjer
  • Automatisere og effektivisere arbeidsflytar i samarbeid med DevOps-miljøet
  • Sikre kvalitet, dokumentasjon og god informasjonstryggleik i alle løysingar
  • Delta i nasjonale og internasjonale prosjekt knytt til forskingsinfrastruktur
  • Utforske og implementere KI-støtta funksjonar som f.eks. semantisk søk, dataklassifisering og automatisert dokumentasjon

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Solid erfaring med utvikling av API-ar, integrasjonar og distribuerte system
  • God og dokumentert kompetanse innan eitt eller fleire moderne programmeringsspråk (Python, Javascript)
  • Kjennskap til skytenester og container-baserte plattformer
  • Forståing for informasjonstryggleik og personvern
  • Erfaring frå forskings- eller helserelaterte miljø er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å sjå heilskap og samanhengar i komplekse system
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og lyst til å jobbe tett med både tekniske og ikkje-tekniske fagmiljø
  • Interesse for kontinuerleg læring og fagleg utvikling
  • For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt med berre engelsk. I så fall blir det obligatorisk å gjennomføre og bestå norskkurs nivå to innan to år

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Ein sentral rolle i utviklinga av kritisk forskingsinfrastruktur
  • Varierte og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke tekniske val og arkitektur
  • Hos oss brukar du moderne KI-verktøy som løftar kvalitet og tempo
  • Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med mange spennande aktivitetar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr 642 000 - 710 000 eller senioringeniør (kode 1181), i årsløn kr. 722 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  produktlinjeleiar Kjell Fadnes (kjell.fadnes@uib.no, mobil 458 81 311) eller produktleiar Christine Stansberg (christine.stansberg@uib.no, mobil 402 33 184) eller produktområdeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Ferdigheter
AI-generert

  • Behandle data
  • Containere eller containerplattformer
  • DevOps
  • Informasjonssikkerhet
  • Programvareintegrasjon
  • Python (dataprogrammering)
  • Utvikle APIs
  • Web Application Development (ICT)

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, IT, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Systemarkitekt
Universitetet i Bergen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingen kontakperson oppgitt
  • Bli kjent med Universitetet i Bergen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Universitetet i Bergen

1437 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465259184
  • Sist endret 29.5.2026, 10:14
Rapporter annonse