Sals- og marknadsansvarleg
SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape vekst for Sogndal Fotball?
Me søkjer ein relasjonssterk og handlekraftig sals- og marknadsansvarleg som skal styrke klubben sitt arbeid med sal, partnarskap og synlegheit.
Stillinga er sentral i klubben si vidare utvikling, og du vil jobbe tett med fagområda kommunikasjon, merkevarebygging, forretningsutvikling og arrangement.
Om rolla
Som sals- og marknadsansvarleg får du eit heilskapleg ansvar for å utvikle og levere på klubben sitt kommersielle arbeid.
Ein sentral del av rolla er å drive aktivt og oppsøkjande sal, og å etablere samarbeid som styrkar klubben sitt økonomiske grunnlag. Du må trivast med å jobbe målretta med salsaktivitet, relasjonsbygging og lukking av avtalar.
Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape verdi for både klubben og samarbeidspartnarane våre. Rolla vil jobbe tett med klubben si nye satsing på kommunikasjon, for å sikre at innhald og synlegheit også gir kommersiell verdi.
Ansvarsområde
Aktivt sal mot nye og eksisterande samarbeidspartnarar
Utvikle og følgje opp sponsor- og partnaravtalar
Strukturere og selje kommersielle rettar (eksponering, innhald, opplevingar)
Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar og kampanjar
Bidra til gode publikums- og partnaropplevingar i samarbeid med arrangement
Tett samarbeid med kommunikasjon for å kommersialisere innhald og flater
Ansvar for å nå fastsette sals- og inntektsmål
Kven ser vi etter?
Me ser etter deg som kombinerer kommersiell teft med relasjonsbygging og gjennomføringsevne.
Erfaring frå sal, marknad eller forretningsutvikling
Trivst med oppsøkjande sal og å jobbe med konkrete resultatmål
Dokumenterte salsprestasjonar og evne til å lukke avtalar
Evne til å forstå og skape verdi for partnarar
Evne til å jobbe strukturert med salsprosessar, aktivitet og oppfølging
Gode kommunikasjonsevner og ein lagspelar
Interesse for idrett og lokalt næringsliv er ein fordel
Kvifor jobbe i Sogndal Fotball?
Ei sentral rolle i utviklinga av klubben sitt kommersielle arbeid
Moglegheit til å jobbe med sterke merkevarer og engasjerte partnarar
Eit sterkt fagmiljø på Fosshaugane Campus
Ein variert kvardag tett på toppfotball, frivilligheita og lokalsamfunnet
Satsing framover
Sogndal Fotball har ei tydeleg satsing på kommunikasjon, synlegheit og merkevarebygging. For å lukkast kommersielt, må dette arbeidet koplast tett til sal og partnarverdi.
Som sals- og marknadsansvarleg skal du vere med å omsette dette til konkret verdi gjennom sal, relasjonar og partnarskap.
Søknadsinformasjon
Søknadsfrist: 15. april 2026
Kortfatta søknad med CV sendast til ingrid.narum@sogndalfotball.no.
Søknader vurderast fortløpande.
Tiltreding etter avtale.
Arbeidsstad er Sogndal.
Ferdigheter
- Avtaleforhandlinger
- Innsalg
- Kommunikasjonsevner
- Relasjonsbygging
- Salgserfaring
- Salgsteft
- Samarbeidsevne
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal Fotball er ein tradisjonsrik klubb og har i fleire tiår vore ein sentral aktør i norsk toppfotball. Klubben held til på Fosshaugane Campus i Sogndal og spelar i OBOS-ligaen (1. divisjon).
Sogndal Fotball er kjend for sterk lokal forankring, solid talentutvikling og eit tett samarbeid med næringsliv og region. Klubben har gjennom generasjonar vore ein viktig samfunnsaktør og stoltheit for Sogn og for Sogn og Fjordane, og har utvikla ei rekkje spelarar og trenarar til toppnivå nasjonalt og internasjonalt.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salsaktivitet, partnarskap, relasjonsbygging, synlegheit
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458515562
- Sist endret

