Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Årdal
Fristen er utløpt

Grafisk Designer

Printfarm As

  • Frist 12.4.2026
  • Ansettelsesform Fast

Me søkjer grafisk designer som vil skape vekst og gode kundeopplevingar.

Inst i Sognefjorden finn du Printfarm - eit moderne trykkeri med sju tilsette. I over 30 år har me levert trykksaker til små og store bedrifter, og er i dag det største trykkeriet i gamlefylket Sogn og Fjordane.

Me har hovudkontor og produksjon i Årdal, salskontor i Bergen, og er eit av få trykkeri i Noreg som satsar aktivt på netthandel. Hjå oss får kunden alt dei treng på ein plass - frå visittkort og magasin til rollup, klede og profileringsartiklar.

Printfarm er ei kreativ og spennande verksemd i vekst, med kundar over heile landet. Me er Miljøfyrtårn-sertifisert, har stort fokus på kvalitet og utvikling. 

No ser me etter ein ny kollega som vil vera med å utvikla bedrifta vidare!

Rolla
Hjå Printfarm får du ein variert kvardag der du kombinerer design og kundekontakt.
Du jobbar med klargjering av trykkfiler, designoppdrag og ordrehandtering. Du får vera i kontakt med kundar, utvikla nye produkt/designmalar til printfarm.no og vera med nye spennande prosjekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Førtrykksarbeid og klargjering av filer

  • Design av bøker, magasin og andre trykksaker

  • Utvikling/design av malar og produkt til nettbutikken

  • Kundemottak og rådgjeving

  • Ordrehandtering og oppfølging


Dette er viktig for oss:

  • Du har relevant utdanning innan grafisk design (eller tilsvarande erfaring)

  • Du har god kompetanse i Adobe (InDesign, Illustrator, Photoshop)

  • Du har gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg

  • Du har evna til å jobba strukturert og halde oversikt i ein variert kvardag

  • Du trives med kundekontakt og tek initiativ

Personlege eigenskapar:

  • Du er kreativ og har auge for det visuelle 

  • Du er løysingsorientert og praktisk anlagt

  • Du er sjølvstendig, men likar å jobba på lag med fleire

  • Du er strukturert og påliteleg


Me tilbyr:

  • Ein variert og kreativ kvardag i eit moderne trykkeri

  • Eit lite, tett og godt arbeidsmiljø

  • Moglegheit til å påverke og utvikle nye produkt

  • Arbeid med kundar over heile landet

  • AFP-ordning og tariffavtale

Ferdigheter

  • Design av trykksaker
  • Klargjøring av filer til trykk
  • Kundeansvar
  • Oppdragsansvar

Om arbeidsgiveren

Er du vår nye Printfarmar? Send oss ein søknad med CV og fortel kvifor du vil jobba hjå oss.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Forlag og trykkeri, Kunst og kultur
  • Stillingsfunksjon: Design, Grafisk, Innholdsprodusent
  • Arbeidsspråk: Norsk
Printfarm As logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Øyvind Aga
  • Stillingstittel: Dagleg leiar
Send melding
  • Hjemmeside

8 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 457837266
  • Sist endret 30.3.2026, 14:16
Rapporter annonse