Rådgjevar/spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/Spesialkonsulent
Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest?
For oss handlar transport om fridom
Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit.
Om oss
Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver, og spelar ei sentral rolle i utviklinga av regionen. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.
Hos oss møtest jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning - og kvardagen er alt anna enn einsformig. Vi har no ein ledig stilling og ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell - kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere mellom anna:
- Saksbehandling – Du vurderer søknader om tilrettelagt transport grundig og heilskapleg, basert på søknad, eigenerklæring og legeerklæring
- Kundekontakt – Du er ein trygg og hyggeleg stemme i telefonen for søkarar som treng rettleiing og svar
- Individuelle vurderingar – Kvar sak er unik. Du ser mennesket bak papira og gjer faglege vurderingar med varsemd og integritet
- Tverrfagleg samarbeid – Du jobbar saman med engasjerte kollegaer i eit fagmiljø som set brukarane i sentrum
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har
- mastergrad innanfor administrasjon, samfunnsfag, helse eller liknande relevante fagfelt. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med bachelorgrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.
- gode norskkunnskapar og sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne – du formulerer deg presist og forståeleg
- solid digital kompetanse og er komfortabel med å setje deg inn i nye system og verktøy
Dette er ein fordel, men ikkje eit krav
- erfaring frå saksbehandling, kundekontakt eller helse-/sosialteneste
- Kjennskap til forvaltningslova
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- lyttar godt og kommuniserer tydeleg – du finn dei rette orda, anten det er i ein vanskeleg telefonsamtale eller i eit skriftleg vedtak
- trivst med komplekse saker der skjønn og fagleg vurdering tel meir enn ein fasit
- er nysgjerrig og lærevillig – du set deg raskt inn i nytt regelverk, nye rutinar og nye situasjonar utan å miste oversikta
- møter kvart menneske med respekt og verdighet, uavhengig av bakgrunn og livssituasjon
- er ein god lagspelar, men er samstundes trygg nok til å stå for eigne faglege vurderingar
Du kjenner deg att i verdiane våre: open, kompetent og modig. Hos oss er det lov å stille spørsmål, prøve nye løysingar – og lære av dei gongene det ikkje gjekk heilt som planlagt
Vi tilbyr
Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling. I tillegg tilbyr vi:
- Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsstad Leikanger
FerdigheterAI-generert
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 3, 6863 Leikanger
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver, saksbehandler, administrasjon, transport, mobilitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469048186
- Sist endret

