Kultursjef
Kinn kommune
- Søknadsfrist 30.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du sette kultur på dagsorden i Kinn kommune?
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.
Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.
Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.
Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.
Arbeidsoppgåver
Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.
Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
Forvaltning av søknadsordningar.
Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
Personalleiing.
Økonomistyring.
Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.
Kvalifikasjonar
Kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule/universitet.
Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring.
Erfaring frå utviklingsarbeid.
Leiarerfaring.
Personlege eigenskapar
Du må
vere genuint opptatt av samfunnsutvikling
vere opptatt av og innstilt på å arbeide med utvikling og omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar
vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla
som leiar legge til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom
vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer
ha evne og vilje til å tileigne deg, og dele ny kompetanse
vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt
trivst med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press
Vi tilbyr
å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling
eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen
godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
fleksibel arbeidstid
løn etter avtale
tilsetting på kommunale vilkår
medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kinn er ein flott kystkommune kor du kan leve urbant i byane Florø og Måløy, eller bu ved naturkreftene heilt ute i havgapet. Med isbreèn i aust, flotte sandstrender i vest, så er Kinn kommune ein variert og mangfaldig kommune.
Kinn har gode skular, barnehagar og ikkje minst fritidstilbod for folk i alle aldrar. Kulturlivet er variert både for den som vil oppleve kultur og den som vil utøve kultur.
Næringslivet har eit sterkt eksportretta næringsliv både innan petroleums-, maritime- og marine næringar, skipsverft og har lang tradisjon innanfor fiskeri og oppdrett. Fleire av bedriftene ligg i toppsjiktet både nasjonalt og internasjonalt. Dei siste åra har kommunen markert seg sterkt innan teknologiutvikling og grøn IT.
I vår varierte kommune er det god plass til alle og vi gjer det vi kan for at både fastbuande og tilflyttarar skal trivast hos oss. Ta kontakt og vi vil prøve å hjelpe deg uansett kva det måtte vere.
Saman med deg, lokalsamfunn, lag og organisasjonar, næringsliv, stat og fylkeskommune skal vi gjennom handlekraft gjere Kinn til ein betre stad å bu, besøke, utvikle kultur og drive næring.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gate 1 120, 6701 Måløy
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kultur, samfunnsutvikling, kommune, tenesteyting, relasjonsbygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469841610
- Sist endret

