Vernepleier/sykepleier 100 % fast
Alver kommune
- Frist 07.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell – kvar dag?
Om stillinga
Knarvik Sone 2 Storhaugen bufellesskap søkjer ein engasjert vernepleiar i 100% fast stilling. Du vil jobbe i 2 delt turnus med vanlege vaktar/langvakter og arbeid kvar 3.helg og blir du ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar tett saman og heiar kvarandre fram.
Hos oss får du bruke heile kompetansen din. Arbeidet ditt vil vere variert og inkluderer å bygge gode relasjonar, gjere faglege vurderingar, bidra i miljøterapeutisk arbeid og gi helsehjelp. Vi ønskjer at du skal bidra til at bebuarane får ein kvardag med meistring, utvikling og gode opplevingar.
Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.
Om oss
Storhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik. Her bur sju personar i alderen 30 til 70 år. Alle har funksjonsnedsettingar og andre utfordringar som gjer at dei treng ekstra støtte. Fire av leilegheitene ligg saman som rekkehus, og tre leilegheiter ligg inne i fellesområdet. Personalet vårt består av både unge og eldre. Nokre er assistentar, andre er helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, sjukepleiarar eller vernepleiarar. Vi hjelper bebuarane med helsehjelp og rettleiing i kvardagen. Målet vårt er å gi bebuarane ein god kvardag, og at dei får vere med og bestemme så mykje dei kan sjølve. Vi har stort fokus på meistring og brukar medverknad.
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktansvar. Du har ansvar for å følgje opp tenestemottakarar på ein tett, systematisk og langsiktig måte. Du koordinerer tenestene, vurderer om tiltak verkar, og sørgjer for at brukarane får ei samla og heilskapleg oppfølging.
- Faglege vurderingar og miljøterapeutisk arbeid. Du brukar kunnskapen din som vernepleiar i planlegging, observasjon og gjennomføring av ulike tiltak i kvardagen til brukarane.
- Følge opp fritidsaktivitetar. Du sørgjer for at brukarar får delta i fritidsaktivitetar på ein trygg og føreseieleg måte.
- Utarbeide, bruke og vurdere mål og tiltak. Du samarbeider med andre for å lage og følge opp mål, planar og tiltak. Vi sikrar at dette er tilpassa både faglege anbefalingar og brukaranes behov.
- Legemiddelhandtering. Du har ansvar for å handtere medisinar på ein trygg og riktig måte.
- Rettleiing og opplæring. Du rettleiar kollegaer, nye tilsette og studentar, og bidreg til å utvikle fagmiljøet.
- Dokumentasjon. Du fører dokumentasjon som sikrar kvalitet, faglegheit og at vi følgjer lover og retningslinjer.
- Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid. Du er med på møte og faglege diskusjonar for å utvikle tenestene og sikre god kvalitet over tid.
- Tverrfagleg samarbeid. Du samarbeider med spesialisthelsetenesta, dagtilbod og andre eksterne aktørar for å gi brukarane best mogleg oppfølging.
Kompetanse
Du må ha:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar (vi prioriterer vernepleiarar).
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid. Med miljøarbeid meiner vi tiltak som støttar og stimulerer personar med ulike funksjonsnedsettingar i kvardagen.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheter og evne til å nytte digitale verktøy og dokumentere i fagsystem i tråd med gjeldane rutinar.
- Førarkort klasse B
I tillegg er det ønskjeleg om du har
- Erfaring frå tenester til personar med sett ned funksjonsevne.
- Erfaring med arbeid etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Erfaring med bruk av kartleggingsverktøy for å vurdere behov og følge opp brukarar.
- Kjennskap til digitale fagsystem for dokumentasjon frå kommunal sektor.
Kven er du?
- Byggjer tillit og gode relasjonar over tid - med brukarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Kommuniserer tydeleg og respektfullt, gir klare beskjedar og følgjer opp.
- Held roen i krevjande situasjonar og tek forsvarlege avgjerder også under press.
- Viser fagleg tryggleik og god etisk dømmekraft i komplekse saker (t.d. i arbeid etter vedtak og gjeldande regelverk).
- Arbeider strukturert, prioriterer godt og held oversikta når det er mykje som skjer.
- Jobbar sjølvstendig og bidreg aktivt til eit trygt og raust arbeidsmiljø i teamet.
- Held fokus på det som fungerer og lærer av erfaringar.
- Er løysingsorientert og ser moglegheiter.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du gjer ein konkret forskjell i kvardagen til brukarane.
- Opplæring, oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Lokalt tillegg på kr 9 000 for vernepleiarar og kr 10 000 for sjukepleiarar (pr. år i 100 % stilling). Øvrig løn etter KS HTA.
- Årsturnus med medverknad (ønska turnus) i tråd med felles veileder frå partane i kommunal sektor.
- Offentleg tenestepensjon i KLP (i tillegg til folketrygda) og tilhøyrande forsikringsordningar.
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk (HTA).
- Gratis parkering ved arbeidsstaden.
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oteråsen 17-19, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456259344
- Sist endret


