
Miljøterapeut - Ungdomseining Vest Bjørgvin fengsel
Bjørgvin fengsel
- Frist 26.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med ungdom? Bjørgvin fengsel søkjer to miljøterapeutar i faste stillingar ved Ungdomseining Vest.
Om stillinga
Kriminalomsorgen region vest har etablert eit nasjonalt sonings- og varetektstilbod for mindreårige ved Bjørgvin fengsel.
Tilbodet byggjer på tett tverretatleg samarbeid med barnevern, psykisk helsevern, opplæringstenester og kommunale instansar. Målet er intensivt endringsarbeid slik at størst mogleg del av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel.
Som miljøterapeut ved Ungdomseining Vest arbeider du tett med unge innsette under 18 år. Du skal bidra til tryggleik, struktur og målretta progresjon gjennom systematisk miljøterapeutisk arbeid. Rolla inneber både tryggleiksfaglege oppgåver og relasjonsarbeid.
Du vil vere samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar. Arbeidet krev evne til tryggleikstenking, grensesetjing, konfliktløysing og motivasjonsarbeid.
Sidan dette er eit nasjonalt tilbod, kjem ungdommane frå heile landet. Det må difor påreknas noke reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oppfølging av unge innsette
- Strukturert endringsarbeid etter miljøterapeutiske prinsipp
- Motivere og støtte ungdom i progresjonsarbeid
- Bidra aktivt i utvikling av fag- og tryggleiksarbeid ved avdelinga
- Rutinemessige driftsoppgåver
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- Bachelorutdanning frå høgskule/universitet (helse- og sosialfagleg retning er føretrekt)
- Minimum eitt års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og/eller arbeid i fengsel
- Erfaring frå institusjonsarbeid (vil bli vektlagt)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God IKT-kompetanse
- Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar
Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptak ved KRUS. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar som må beståast. https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html (https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html)
Det er ønskjeleg at du har
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Fagleg interesse og engasjement for målgruppa
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er tydeleg og trygg i grensesetjing
- Har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- Er mål- og resultatorientert
- Arbeider sjølvstendig og systematisk
- Er uthaldande i krevjande og ustabile situasjonar
- Har vilje og evne til å delta i aktivitetar med ungdom utanfor fengselet
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Fagleg utfordrande og utviklande arbeid
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Trening i arbeidstida
Gratis parkering og ladepunkt for el-bil
Stillinga er lønt som 1201 miljøterapeut med årslønn frå kr 525 000 til 670 000, avhengig av kvalifikasjonar.
Gode tillegg for ubekvem arbeidstid. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn.
Våre verdiar er: Openheit, tryggleik og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Arne M. Hægland tlf. 55251284
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal
velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454733735
- Sist endret


