Helsefagarbeider 80%
Alver kommune
- Frist 23.03.2026
- Ansettelsesform Fast
På jakt etter eit arbeidsmiljø der du får vere både fagperson og medmenneske?
Om oss og stillinga
Me søkjer en engasjert og fagleg interessert helsefagarbeider i en 80 % fast stilling til Stallanemarka burettslag.
Stallanemarka burettslag husar 10 fantastiske mennesker, og er staden der både bebuarar og tilsette bidreg til å skapa eit bumiljø som er like solid som husveggene - og minst like hjartevarmt. Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg skilnad. Her blir du sett og støtta - og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor.
Du møter ei samansveisa faggruppe som lever etter mottoet: «Det er lov å le - helst ofte!». I denne stillinga får du bruke deg sjølv og fagkompetansen din på ein måte som gjer ein reell forskjell. Du bidreg til tryggleik, føreseielegheit og ein meiningsfull kvardag for bebuarane.
Som helsefagarbeidar arbeider du for å fremje sjølvstendiggjering, medverknad og meistring, og du støttar bebuarane i å ta eigne val. Du blir del av eit engasjert lag som spelar kvarandre gode - og du får bruke dei relasjonelle og faglege styrkane dine i eit arbeid som verkeleg betyr noko.
Oppstart: etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Praktisk hjelp og oppfølging i dagleglivets gjeremål.
- Delta i miljøarbeid og gjennomføring av tiltak.
- Tilsyn, følge og følge til aktivitetar og gjeremål.
- Yte helsehjelp og legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar.
- Primærkontakt ansvar.
- Samarbeide med Vernepleier og anna fagpersonell.
- Observasjon, dokumentasjon og rapportering.
- Instruktør for lærlingar.
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førerkort kl. B.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Det er og ein fordel om du har:
- Erfaring frå arbeid i bufellesskap.
- Gjennomført opplæring i legemiddelhandtering
- Kjennskap eller erfaring frå arbeid med personar i autismespekteret og andre former for nevrodivergens, med vekt på struktur, føreseielegheit og sansetilrettelegging.
- Kjennskap eller erfaring med ASK - alternativ og supplerande kommunikasjon
- Kjennskap til eller praksis frå arbeid etter helse‑ og omsorgstenestelova kapittel 9
- Erfaring i rettleiing.
- Digital kompetanse
- Interessert i fysisk aktivitet.
Kven er du?
Du skaper tryggleik rundt deg, og kollegaer og brukarar opplever deg som varm, til stades og påliteleg. Du er strukturert, engasjert og tek ansvar på ein naturleg måte. Du ser potensialet hos brukarane og bidreg til eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Du deler kunnskap raust, liker å rettleie lærlingar og bygg gode relasjonar internt i avdelinga og eksternt med samarbeidspartnarar - noko som gjer deg til ein særleg verdifull ressurs.
For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell
- Oppstart etter avtale
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- 2 dagers KomLab kurs
- Gratis parkering
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Kjøre
- Kurs i legemiddelhåndtering
- Observere helsetjenestebrukere
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lonsvegen 70, 5914 Isdalstø
- Bransje: Annet, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Omsorg og sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454102261
- Sist endret