Vil du spele ei nøkkelrolle i ei framtidsretta transportavdeling?
NGIR DRIFT AS
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Assisterande leiar transport
Hos NGIR får du moglegheita til å kombinere leiing, drift og utvikling – og vere med å forme ei effektiv og moderne transportteneste som betyr noko for både miljøet og lokalsamfunnet. Vi ser etter ein engasjert lagspelar som trivst med ansvar, utvikling og høgt tempo. Er det deg?
Kva skal du jobbe med?
I denne rolla får du ein nøkkelposisjon i transportavdelinga – midt i hjartet av den daglege drifta. Her er du ein av dei som sørgjer for at alt fungerer som det skal, kvar einaste dag. Du planlegg ruter og oppdrag, følgjer opp hendingsforløpet gjennom dagen og sikrar at både folk og materiell er på rett plass til rett tid.
Ein stor del av jobben er operativ: Du er tett på sjåførar og kollegaer, handterer løpande utfordringar og tek raske avgjerder som held drifta trygg, stabil og effektiv. Samstundes spelar du ei viktig rolle i å følgje opp tilsette, utvikle og gje opplæring i gode digitale arbeidsverktøy og styrkje HMS- og kvalitetsarbeidet.
Dette er stillinga for deg som trivst i ein kvardag der det skjer mykje, der tempoet er høgt, og der du får kombinere struktur, oversikt og leiarstøtte med praktisk, operativ drift. Her får du vere med og løfte avdelinga vidare – gjennom gode rutinar, smarte løysingar og ein tett og trygg drift kvar dag.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein person som er trygg i rolla si, har naturleg autoritet og evnar å motivere andre. Du må vere strukturert og påliteleg, og trivast med å halde oversikt også når tempoet er høgt. Som leiar er du tydeleg, løysingsorientert og komfortabel med å ta avgjerder som skapar retning og tryggleik for resten av teamet.
Vi ønskjer oss ein kandidat med erfaring frå transportdrift, logistikk eller operativ leiing, og gjerne med formell bakgrunn frå desse områda. Du bør vere vant til å jobbe med HMS, rutinar og avvik, og ha god forståing for korleis digitale planleggings- og driftssystem kan brukast for å styrke kvalitet og effektivitet. Gode kommunikasjonsevner – både på norsk (nynorsk) og engelsk – er viktig, sidan du skal rettleie, samarbeide og sikre god informasjonsflyt i kvardagen.
Kvifor velje NGIR?
Hos NGIR Drift AS får du ein arbeidskvardag som betyr noko – både for lokalsamfunnet, miljøet og kollegaene dine. Du blir ein del av ei verksemd som har klare mål og eit sterkt fokus på kvalitet og tryggleik. Transportavdelinga består av engasjerte medarbeidarar som støttar kvarandre og har ein praktisk og løysingsorientert tilnærming til arbeidet.
Vi tilbyr eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, høg fagkompetanse og reell moglegheit til å påverke både rutinar og drift. Hos oss får du vere med å vidareutvikle transportfunksjonen til ein moderne og digitalt framoverlent avdeling – samtidig som du har tryggleik, gode ordningar og ei viktig rolle i ein samfunnsnyttig organisasjon.
Ferdigheter
- Arbeidsledelse
- Avviksanalyse
- Logistics General (LO)
- Management Systems
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
transport, leiing, drift, logistikk, planlegging
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455923395
- Sist endret
