Automatikar / instrumentteknikar
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med eit av dei mest moderne mineralanlegga i Noreg?
Vil du jobbe med eit av dei mest moderne mineralanlegga i Noreg?
Ved Engebø Rutile and Garnet driv vi eit høgteknologisk prosessanlegg der automatisering, instrumentering og gode fagfolk er heilt avgjerande for stabil og sikker drift. No søker vi ein automatikar/instrumentteknikar som vil vere med å utvikle og drifte anlegget vårt vidare.
Hos oss får du jobbe tett på eit moderne prosessanlegg i utvikling, saman med dyktige kollegaer som har høg fagleg stoltheit og sterk arbeidsmoral. Vi likar å få ting gjort, men vi gjer det på ein trygg måte.
Dette er ei rolle for deg som trivst med praktisk arbeid, feilsøking og kontinuerleg forbedring av tekniske system.
Arbeidsoppgåver
Som automatikar/instrumentteknikar vil du mellom anna jobbe med:
drift, vedlikehald og utvikling av automatiserte system i prosessanlegget
instrumentering og prosessteknisk utstyr
feilsøking og optimalisering av automatiserte løysingar
bidra til vidare utvikling av automasjon og instrumentering ved anlegget
teknisk dokumentasjon og systemoppfølging
kompetansedeling og fagleg støtte til elektroteamet
Stillinga inngår i skiftordning (2-skift).
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
fagbrev som automatikar eller tilsvarande elektrofagleg utdanning
erfaring med prosessteknisk utstyr og instrumentering
minst 2 års relevant erfaring, gjerne frå prosessindustri eller maritimt miljø
gode ferdigheiter innan teknisk dokumentasjon
Det er ein fordel om du også har:
teknisk fagskule eller tilleggsutdanning innan automasjon/instrumentering
erfaring med PLS-, SCADA- eller DCS-system
erfaring med instrumenteringsutstyr frå leverandørar som Vega, Krohne eller Endress+Hauser
Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
er praktisk anlagt og likar å løyse tekniske utfordringar
jobbar strukturert og tek ansvar for kvalitet i arbeidet ditt
bidreg positivt i team og deler kunnskap med kollegaer
har eit sterkt fokus på HMS og sikker drift
Kvifor jobbe hos oss?
Hos Engebø Rutile and Garnet får du:
jobbe ved eit av verdas mest spennande mineralprosjekt
varierte arbeidsoppgåver i eit moderne og teknologisk avansert anlegg
eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidare karriere i selskapet
eit arbeidsmiljø der samarbeid, ansvar og sikkerheit står i sentrum
Vi vurderer søknadar og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.
Ferdigheter
- Automasjon
- Automatisering
- Instrumenteringsteknikk
- Måleinstrumenter
- Teknisk dokumentasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Kjemisk industri
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
automatisering, prosessanlegg, instrumentering, systemoppfølging, kompetansedeling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455563263
- Sist endret


