
DKS-koordinator og kunstfagleg rådgivar
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 27.03.2026
- Ansettelsesform Fast
DKS-koordinator og kunstfagleg rådgivar
Vil du vere med på å forme Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal?
Møre og Romsdal fylkeskommune søker ny DKS-koordinator. Det er ein moglegheit til å vere med og utvikle kunst- og kulturopplevingar for barn og unge.
Kvart år får rundt 40 000 elevar i Møre og Romsdal profesjonelle kunst og kulturopplevingar gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS), som DKS-koordinator får du leie og vere ein del av teamet som planlegg, utviklar og gjennomfører programmet.
Vi ser etter deg som trivest i samspelet mellom kunst- og kulturmiljø, skolar, kommunar og nasjonale samarbeidspartar. Du vil vere ei drivkraft i vidareutviklinga av kunst- og kulturopplevingar for barn og unge.
Som DKS-koordinator vil du leie eit team på seks personar, og du får programmeringsansvar for inntil to av seks kunstfelt. Teamet er ein del av seksjon for kultur, idrett og bibliotek, og du vil vere ein nær sparringspartnar for seksjonsleiar. Seksjonen er ein del av kulturavdelinga, som har vel 40 tilsette. Kontorplassen din er anten på Fylkeshusa i Molde eller på CAMPUS Kristiansund. Vi har også kontor på NMK i Ålesund, som kan brukast etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
Du får ansvar for:
- å leie, koordinere og utvikle Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal (DKS), med ansvar for kvalitet og heilskapleg gjennomføring
- fagansvar for inntil to kunstfelt
- samarbeid med profesjonelle utøvarar, kulturinstitusjonar, kommunar, vidaregåande skolar og Kulturtanken
- å bidra i saksbehandling av politiske saker og tilskotsordningar
Reiseverksemd må påreknast, samt noko arbeid på kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning innan kunst- og kulturfag. Mastergrad er ønskeleg, men relevant erfaring kan kompensere for dette
- god kjennskap til kunst- og kulturfeltet
- god kjennskap til DKS-ordninga
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- digital kompetanse og erfaring med administrative system
Det er ønskeleg at du også har:
- erfaring frå kvalitetsvurdering av estetiske uttrykk
- erfaring frå arbeid med kunst- og kulturformidling, helst for barn og unge
- forståing for skolesektoren og barn og unge som målgruppe
- erfaring med prosjektleiing, prosessleiing eller arrangementsproduksjon
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein kollega som er:
- god til å bygge relasjonar og kommuniserer tydeleg
- strukturert, systematisk og god på å skape oversikt
- utviklingsorientert, initiativrik og løysingsorientert
- sjølvstendig, men ein lagspelar som får folk med seg
- profesjonell og stødig i krevjande situasjonar
- nysgjerrig, lærevillig og motivert for å utvikle DKS vidare
Vi tilbyr
Du får:
- utvikle kunst- og kulturmøter til heile generasjonar av barn og unge
- sette retning for ei av landets mest spennande kulturfaglege ordningar
- jobbe i eit engasjert fagmiljø
- ein variert arbeidskvardag, med brei kontaktflate
- løn etter avtale og god pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Den kulturelle skolesekken, Kultur, Kunst, Koordinator, Rådgivar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454747713
- Sist endret

