Kurator
Stiftinga Viti
- Frist 10.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med norsk møbeldesign og møbelindustri – ei av Noregs viktigaste designnæringar?
Vår førstekonservator ved Møbelmuseet skal gå av med pensjon, og Viti søkjer no etter ein fagleg sterk og engasjert seniorkurator/kurator som skal ta over arbeidet med kunnskapsutvikling, formidling og samlingsutvikling knytt til fagfeltet.
Stillinga som seniorkurator/kurator er plassert i avdeling for kunst og design i Viti, og har sitt faglege tyngdepunkt ved Møbelmuseet i Sykkylven. Der får du ei sentral rolle i å forvalte og utvikle museet sitt arbeid med møbeldesign og -industrihistorie. Samtidig vil du vere del av eit større fagmiljø i Viti og kunne bidra i prosjekt på tvers av musea i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Ha det faglege ansvaret for møbelsamlinga til Viti, med eit særleg ansvar for møbeldesign og -industrihistorie ved Møbelmuseet
Kuratering og prosjektleiing av utstillingar innan fagfeltet
Formidling til eit breitt publikum
Forsking, kunnskapsproduksjon og tilgjengeleggjering av denne
Vere involvert i museet si utstillingsprogrammering og samlingsutvikling, inkludert vurdering av inntak, avhending og forvaltning av gjenstandar og arkivmateriale knytt til fagfeltet
Koordinere drifta av Møbelmuseet sine lokale, og bemanne resepsjonen til Møbelmuseet/Naturmuseet etter fastlagt turnus, og i samband med arrangement.
Vere museet sin faglege kontaktperson på møbel-, design- og industrihistorie
Bidra til opplæring av formidlarar og museumsvertar ved Møbelmuseet
Administrative oppgåver som prosjekt- og budsjettstyring, søknadsskriving, evalueringsarbeid, rapportering og dokumentasjon
Levere fagleg innhald til digital redaksjon og marknadsarbeid
Nettverksbygging innanfor fagområdet
Fungere som kontaktperson for Møbelmuseet sitt venelag og andre frivillige
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan kunst- og designhistorie, design, historie eller tilsvarande
Dokumentert kunnskap om møbelhistorie, design- eller industrihistorie
Erfaring frå museumsarbeid, kuratering, samlingsforvaltning, formidling eller forsking er ein fordel.
Erfaring med prosjektleiing og budsjettarbeid
God digital kompetanse, gjerne erfaring med Primus
Du arbeider strukturert og sjølvstendig, har gode samarbeidsevne og ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø.
Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv
Fagleg dedikerte kollegaer
Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
100 % fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. spisepause.
God offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse - KLP
Fleksitid, med kjernetid mellom kl. 1000-1400
Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan
Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Kontorstad er ved Møbelmuseet i Sykkylven, med møteverksemd og anna ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum etter avtale.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Ferdigheter
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Kuratorarbeid
- Møbeldesign
- Prosjektbudsjettering
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.
- Sektor: Privat
- Sted: Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Møbel, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
møbeldesign, kurator, seniorkurator, industrihistorie, samlingsforvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455075859
- Sist endret

