Konservator
Stiftinga Viti
- Frist 10.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med jugendstilarkitektur i eit av Europas mest særprega bygningsmiljø?
Viti søkjer ein fagleg sterk og engasjert førstekonservator/konservator med ansvar for jugendstilarkitektur og bygningsvern ved Jugendstilsenteret.
Jugendstilsenteret er eit nasjonalt kompetansesenter og museum for jugendstil, og saman med KUBE er museet lokalisert midt i Ålesund sentrum.
Som konservator med ansvar for jugendstilarkitektur vil du bidra til formidling, kunnskapsutvikling og dokumentasjon av gjenreisingsarkitekturen i Ålesund, og av jugendstilarkitektur i ein breiare nasjonal og internasjonal samanheng. Stillinga vil også spele ei viktig rolle i arbeidet med å styrkje kunnskapen om jugendstilarkitekturen og arbeide for godt vern av denne viktige kulturarven.
Arbeidsoppgåver:
Ha eit fagleg ansvar for museet sitt arbeid med jugendstilarkitektur
Formidling, forsking og kunnskapsutvikling knytt til fagfeltet
Arbeide for å skape gode haldningar, auka bevisstheit og kompetanse om bevaring av jugendstilarkitektur som lokale, regionale og nasjonale kulturminne
Vere fagleg rådgjevar om jugendstilarkitektur og bygningsvern. Tilby rettleiing til eigarar av jugendstilbygg frå heile landet. Gi stilvurderingar og råd om materialbruk, fargesetting og relevant handverkskompetanse.
Kuratering og prosjektleiing av utstillingar og formidling innan fagfeltet
Ansvar for vedlikehaldsplanen til Apotekergaarden, og for museet si bygningsdelsamling
Bidra i utviklinga av institusjonen sine nettverk, som t.d. Réseau Art Nouveau Network
Administrative oppgåver som prosjekt- og budsjettstyring, søknadsskriving, evalueringsarbeid, rapportering og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan arkitektur, kunst-/arkitekturhistorie, bygningsvern eller tilsvarande
Dokumentert kunnskap og publisering om arkitektur og særleg jugendstilarkitektur er ein fordel
Erfaring frå museumsarbeid, formidling eller forsking
Erfaring med prosjektleiing og budsjettarbeid
God digital kompetanse
Du arbeider strukturert og sjølvstendig, har gode samarbeidsevne og ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø
Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk/skandinavisk og engelsk
Noko praktisk innsikt i handverk relevant for jugendstilarkitekturen er ønskeleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv
Fagleg dedikerte kollegaer
Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
100 % fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. spisepause.
God offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse - KLP
Fleksitid, med kjernetid mellom kl. 1000-1400
Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan
Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjoner i samsvar med utdanning og ansiennitet.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Kontorstad er ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Ferdigheter
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Kuratorarbeid
- Prosjektbudsjettering
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.
- Sektor: Privat
- Sted: Apotekergata 16, 6004 Ålesund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Arkitekt, Kultur og museum
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jugendstilarkitektur, bygningsvern, konservator, førstekonservator, formidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455079454
- Sist endret
