
Lærar i vidaregåande skole
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Derfor skal du søke lærarjobb i Møre og Romsdal
Vi søker lærarar til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal, det vakraste fylket i landet.
Vi ser etter deg som kan motivere og undervise ungdommar, i alt frå fotosyntese, grammatikk til sveising. Vi treng lærarar både i programfag og i fellesfag, på alle trinn.
Kva får du hos oss?
Her kan du bu og jobbe mellom hav, fjord og fjell, med korte avstandar mellom by og natur, innland og utland. Og med kort veg til jobb, rekk du ein lang fjelltur på ettermiddagen, eit kafébesøk og eller kanskje ein kinofilm. For vi meiner at eit liv utanom jobben er like viktig som sjølve jobben.
På skolen får du eit stort fagleg fellesskap med mange gode kollegaer, der du blir ein viktig del og kan bidra. Og du får jobbe med, og utvikle deg i faga du er glad i, med ein stor og solid organisasjon i ryggen.
Visste du at skolane våre faktisk er blant dei beste i landet på gjennomføring? Vi er blant fylka som kan vise til dei beste resultata nasjonalt, både totalt sett og på dei ulike utdanningsprogramma. Vi trur det seier noko både om lærarane vi har og dei gode skolane. Vil du bli med på det gode arbeidet?
Dei fleste skolane våre ligg omkransa av vill natur, i fine tettstadar og byar som Ålesund, Volda, Molde, Åndalsnes, Sunndalsøra og Kristiansund.
Du får brukt heile deg
Vi lovar deg ein kvardag som ikkje er kjedeleg, der oppgåvene du må løyse både krev ei solid utdanning og at du står støtt i deg sjølv.
Du trivst med å undervise, planlegge og tenke nytt.
Du likar å leie elevane i klasserommet eller i verkstaden, og alt som skjer der, og leie dei gjennom forventningane i læreplanen og ut skuleåret.
Du vil møte utfordringar, men mister ikkje trua når eleven helst vil gi opp. Kanskje det nettopp er du som får elevane til å sjå lyset, eller i det minste bestå faget? Og du synest det er givande å jobbe med ungdomar som skal finne sin veg og seg sjølv, og delta i samfunnet.
Noko som passar for deg?
Vi har fleire stillingar som kan passe for deg. Klikk deg inn på kvar enkelt for å få alle detaljane og for å søke. Vi håper vi høyrer frå deg.
Søknadsfristen er 6. april.
Velkommen til oss!
Ferdigheter
- Pedagogikk
- Planlegge læreplaner
- Undervise i fag
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen.
Fylkeskommunen eig og driv dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Vi har ansvaret for den vidaregåande opplæringa, som er inngangsporten til både arbeidsliv og vidare studier.
Vi har om lag 10 000 elevar i vidaregåande opplæring, fordelt på 20 skolar.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 70
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Faglærer(IT, idrett, kunst), Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
undervisning, lærar, møre og romsdal, programfag, fellesfag
Er du vår nye kollega? (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454414152
- Sist endret



