Norsklærar
Sygna VGS
- Frist 21.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer ein strukturert og engasjert norsklærar
100% mellombels stilling
frå 01.03.2026
På grunn av permisjon er det ledig mellombels stilling som lærar i norsk frå 1. mars 2026.
Vikariatet varer ut skuleåret 2026/2027
Vi er interesserte både i søkarar for heile perioden og dersom du kan jobbe berre våren 2026 eller berre skuleåret 2026/2027.
Stillinga kan kombinerast med andre fag, som t.d. samfunnsfag eller spansk.
Du bør ha praktisk, pedagogisk utdanning, men søkarar utan slik utdanning kan bli vurderte.
Lærarar på Sygna deltek i det sosialpedagogiske og det kristne arbeidet ved skulen, m.a. tilsynsordninga.
Vi søkjer deg som er strukturert og har god evne til omstilling og læring. Du har godt humør, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Det er forventa at den som vert tilsett vedkjenner seg den kristne trua og aktivt medverkar til realiseringa av skulen sine overordna mål og kristne profil i tråd med skulen sine grunnlagsdokument. Søkjar må kunne gje opplysningar om dette, jf. AML§13-3 og 13-4 og likestillings- og diskrimineringsloven §30.
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
For meir informasjon: Kontakt rektor, Frode Bøthun, tlf. 57 69 45 00.
Lønn: Ein har rett på same lønns- og arbeidsvilkår som ved tilsvarande stilling i offentleg skule.
Søknadsfrist: 21. januar 2026
Ferdigheter
- Norsk
- Pedagogikk
- Undervisning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Det går ca. 180 elevar på Sygna, ca. 140 av desse bur i skulen sine internat. Sygna er eigd og driven av Misjonssambandet, som er ein stor misjonsorganisasjon.
Skulen ligg i Balestrand i Sogndal kommune og har god kommunikasjon både austover mot Oslo, sørover mot Bergen og Stavanger, samt nordover mot Ålesund og vidare.
- Sektor: Privat
- Sted: Sygnavegen 15, 6899 Balestrand
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
norsklærer, praktisk pedagogisk utdanning, sosialpedagogisk arbeid, læring, pedagogikk
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444627719
- Sist endret
