Aktivitetsguidar
Klepp kommune
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Aktivitetsguidar
Er du interessert i å gjera ein innsats for barn og unge?
Klepp kommune har fått støtte frå BUFdir til eit prosjekt med aktivitetsguidar for barn og unge. Ein aktivitetsguide si hovudoppgåve er å hjelpa barn, unge og deira familiar med behov for å koma i gang med faste fritidsaktivitetar.
Kva gjer ein fritidsguide?
Ein aktivitetsguide skal arbeide for å få barn og ungdom som står utanfor, med i fritidsaktivitet. Aktivitetsguiden skal fungera som ein formidlar av informasjon og vera ein støttespelar og gjera det enkelt for barn og unge i målgruppa å delta i faste aktivitetar på fritida.
Dei konkrete oppgåvene kan variera ut i frå føresetnader, ressursar og situasjonen for barnet/ ungdommen og familiane deira.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppgåver er mellom anna:Å formidla informasjon og råd til barn og unge og familiar om ulike fritidstilbod og motivera for deltaking i fritidsaktivitetar.
Skapa god kontakt mellom deltakarar og kontaktpersonar i lag og foreiningar
Følgje til og frå aktivitetar ut i frå behov hos den enkelte
Sikra at praktiske og forhold og støtteordningar blir nytta og at barn, unge og familiar har det som trengs for å kunne delta.
Aktivitetsguiden samarbeider med og blir veileda av fritidskonsulent/ kulturavdelinga
Kvalifikasjonar
Det blir ikkje stilt spesielle krav til utdanning
Me søkjer etter personar som:
har engasjement, tid og interesse for arbeid for at barn og unge skal kunne bli inkluderte i faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Det er ønskjeleg med erfaring frå frivillig organisasjonsliv, t.d. leiarerfaring, tillitsverv e.a.
Det blir stilt krav om gyldig politiattest.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Me ønskjer personar som:
er utadvendte og trygge,
positive og tillitsvekkande,
kan kommunisera på ein respektfull måte med folk frå forskjellig bakgrunn og i ulike livssituasjonar
kan snakka godt norsk, og gjerne og kunne kommunisera på andre aktuelle språk
er læringsvillige, fleksible og kan samarbeida
gjerne har bakgrunn frå, og kjennskap til frivillige organisasjonar og lag i Klepp, samt god kjennskap til lokalmiljøet.
Det er ønskeleg at fritidsguidar disponerer egen bil, men dette er ikkje eit krav.
Arbeidsmengd kan variera etter behov og frå tid til anna
Arbeidstida er i all hovudsak på ettermiddags- og kveldstid og kan dermed kombinerast med skule/utdanning/arbeid.
Søkjarar må vera fylt 18 år.
Nærare informasjon kan du få hos:
Fritidskonsulent Amanda Tremlett telefon 90 54 94 77
Kultursjef Ulf Ludvigsen tlf. 99 44 48 29
Vi tilbyr
Meiningsfylt og viktig arbeid for barn og ungeGod veiledning og oppfølging
Tilsetting på vilkår som oppdragstakar (timebetaling)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Aktivitetsguide, Klubbarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446917714
- Sist endret

