Lærar, august 2026
Hå kommune
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Blir du med på laget?
Hå kommune har ledige lærarstillingar i skulane frå 1.8.2026, både faste stillingar og vikariat. Me søkjer pedagogar med godkjend lærarutdanning for grunnskulen.
Me har fellesutlysing, noko som betyr at når du søkjer, er du kandidat til alle skulane våre. Skriv gjerne ønskje om skule, fag og stillingsprosent i søknaden. Me vil kontakte og intervjue søkjarar med godkjend utdanning fortløpande, så me oppmodar deg til ikkje å vente med å søkje.
Hå kommune er ein god arbeidsplass for deg som vil undervise i grunnskulen. Me har oppdaterte læreverk og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Fleire av skulane har nye eller oppgraderte skulebygg.
Skulane våre er veldrivne og prega av samarbeidskultur. Du vil få god opplæring og rettleiing som nytilsett. Nyutdanna lærarar får rettleiing i to år: det første året med nedsett tid og eigen rettleiar på skulen, og det andre året i grupper på tvers av skular. Me har felles ordningar for vidareutdanning.
Skulane i Hå er, saman med skulane i Gjesdal, Klepp og Time, ein del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane.
Åtte av dei ni grunnskulane våre ligg langs jernbanen, noko som gjer det mogleg å pendle med tog. Dersom du vil bruke bilen, har me gratis parkering ved alle skulane.
Kvalifikasjonar og kompetanse
Me er på jakt etter engasjerte lærarar som har evne til å formidle, samarbeide, skape dialog, bygge relasjonar og leie klassar og grupper. Du må ha godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen og relevant fagkompetanse. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kontaktpersonar
Dersom du ønsker meir informasjon om arbeid i Hå kommune, kan du ta kontakt med skulesjef eller med rektor på den enkelte skule:
Bø skule: Ingrid Marie Særheim (rektor), 41 53 26 94
Høyland skule: Anne Gunn Feed Jakobsen (rektor), 95 96 43 29
Motland skule: Synnøve Helleren Malmin (rektor), 48 21 93 25
Nærbø ungdomsskule: Linda Hadland Forsmo (rektor), 92 01 71 87
Ogna skule: Helge Håland (rektor), 41 53 26 15
Varhaug skule: Johan Omland (rektor), 41 53 26 93
Varhaug ungdomsskule: Kris Georgsen (rektor), 90 69 01 32
Vigrestad skule: Ingrid Vold (rektor), 93 09 71 30
Vigrestad storskule: Seri Refsnes (rektor), 41 53 26 56
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: 4360 Varhaug
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446383999
- Sist endret
