Lærarstillingar i Klepp kommune fra 01.08.2026
Klepp kommune
- Frist 12.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2026
Frå 1. august 2026 er det ledig fleire lærarstillingar. Me søker etter dyktige og engasjerte pedagogar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.
Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen
Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.
Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.
I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat.
I Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule. Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Bore ungdomsskule.
Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.
Kvalifikasjonar og informasjon
- Godkjent undervisningskompetanse
- Ønskelig med undervisningskompetanse i alle fag
- Ønskelig med tegnspråk -kompetanse
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Skule / Rektor / Mobilnummer
- Bore skule, rektor Jorun Beate Fylkesnes 938 95 074
- Bore ungdomsskule, konstituert rektor Sandra Claveau Børresen-Varhaug 416 31 596
- Engelsvoll skule, rektor Lise Følgesvold Pedersen 450 36 415
- Klepp ungdomsskule, rektor Sigurd Ravndal 928 68 154
- Kleppe skule, rektor Sylvia Gjersdal 928 39 767
- Kleppelunden skule, rektor Kariann Leikanger 984 34 386
- Orre skule, rektor Kenth Magne Åsebø-Trodal 907 90 216
- Orstad skule, rektor Randi Harveland 412 92 877
- Tu skule, rektor Vibeke Sola 402 88 726
Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.
Ikkje vent til fristen med å søkja. Me vil ta kontakt med aktuelle kandidatar fortløpande for å gjera avtale om intervju.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Søknad
Me ber deg om å skriva i søknaden din kva skular du ønsker å søkja deg til.
Politiattest
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
- Du samarbeider og kommuniserer godt. Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærer, Lærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446064049
- Sist endret
