Helsefagarbeider i heimetenesta
Time kommune
- Frist 30.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeider i heimetenesta
Er du ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø?
Hos oss får du ein variert og lærerik arbeidskvardag, der du får brukt heile kompetansen din – i tett samarbeid med kollegaer og fagpersonar. Me har no ledig stilling i avdeling aust. Avdelingen held til på Sivdamsenteret på Bryne og gir heimetenester i brukarane sin heim.
Me har vår eigen fagutviklar og tilknytte fagressursar som demenskoordinator, kreftkoordinator og ernæringsfysiolog i verksemda.
Ledig stilling:
100 % fast stilling som helsefagarbeidar
Det er krav om politiattest.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim i tråd med vedtak.Dokumentasjon etter lov og forskrift.
Samarbeid med kollegaar på tvers av faggrupper og på tvers av avdelingar i verksemda.
Brukar- og pårørandesamarbeid.
Rettleiing av elevar og lærlingar.
Turnus med arbeid kvar 3. helg.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjenning, helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Erfaring frå heimetenester- og rehabilitering vert vektlagt
God kjennskap til IKT verktøy og dokumentasjon.
Evne og vilje til å tileigna seg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet, for eksempel innan velferdsteknologi og IKT verktøy.
Du er fleksibel til å arbeida på tvers i verksemda.
Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg.
Du må ha sertifikat for personbil.
Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
Du må tåle godt ein hektisk kvardag som stadig endrar seg.
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi tilbyr
Gode pensjonsordningarLøn etter tariff/avtale
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 10, 4344 Bryne
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Helsefagarbeider, Hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446362703
- Sist endret
