
Kvalitetsrådgjevar i pasienttryggleik
Helse Bergen HF
- Frist 19.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Kvalitetsrådgjevar i pasienttryggleik
Vil du være med på laget for systematisk arbeid med kvalitet og pasienttryggleik på Haukeland Universitetssjukehus? Da kan dette være jobben for deg!
Haukeland universitetssjukehus prioriterar systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik. Seksjon for pasienttryggleik bidreg med å støtte leiinga og dei kliniske einingane i dette arbeidet, blant annet ved å oppmoda til å melde og gjennomgå uønskte hendingar for læring og forbetring. Vi søkjer etter ein dyktig, verdiorientert rådgjevar med god organisasjonsforståing, som kan samarbeide godt med leiarar, einingar, kompetansemiljø og medarbeidarar for betring av kvalitet og pasienttryggleik.
Seksjon for pasienttryggleik er organisert i Forskings- og utviklingsavdelinga, og har utstrekt samarbeid med kliniske einingar og stabseiningar. Seksjonen har ansvar for Nasjonalt senter for antibiotikabruk i sjukehus, Regionalt kompetansesenter for smittevern, Regional eining for utlandsbehandling og for sjukehuset sin kliniske etikkomité. Seksjonen har 34 tilsette med bakgrunn frå blant anna medisin, farmasi, sykepleie, juss og teologi, som arbeider innan fylgjande område: pasienttryggleik og forbetringsarbeid, risikostyring, melding om- og oppfølging av uønskte hendingar, tilsynssaker, pasientklager og pasientskadesaker, smittevern, antibiotikastyring og legemiddeltryggleik, styrande dokumentasjon, interne og eksterne systemrevisjonar, preste- og samtaleteneste og klinisk- etiske vurderingar, og sakshandsaming av utlandsbehandling.
Som rådgjevar vil du rapportere til seksjonsleiar og kan jobbe i ulike team og prosjekt på tvers av seksjonen, Forskings- og utviklingsavdelinga, andre stabseiningar, ulike klinikkar i sjukehuset, og med oppgåver for Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med forbetring og vidareutvikling av kvalitetssystemet på sjukehuset
- Arbeide med gjennomgang og organisatorisk læring knytt til uønskte pasientrelaterte hendingar
- Arbeide med saker for det sentrale kvalitets- og pasienttryggleik utvalet
- Delta i anna prosjektarbeid og leveransar i seksjonen og i Forskings- og utviklingsavdelinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, mastergrad er ønskeleg
- God kunnskap om systematisk kvalitetsarbeid og med læring av uønskte hendingar
- Erfaring med prosjekt- og forbetringsarbeid, samt kvalitetsstyring i komplekse organisasjonar, helst frå sjukehus
- Erfaring med opplærings- og kommunikasjonsarbeid
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- God kunnskap om - og arbeidserfaring frå helsetenesta
Personlege eigenskapar
- Du har god forståing av arbeidet knytt til forbetring, kvalitet og kvalitetssystem i komplekse organisasjonar
- Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og lett å samarbeide med
- Du er lyttande og har gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- Du liker å jobbe tverrfagleg, får folk til å jobbe godt i saman og i same retning
- Du er sjølvstendig, fleksibel, ansvarsmedviten og har høg arbeidskapasitet
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider effektivt, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
- Fagleg utvikling
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- Høve til å påverke utviklinga av sjukehuset
- Kontorarbeidsplass på Haukelandsområdet
- Løn etter avtale og ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Kvalitetsstyring
- Kvalitetsstyringssystem
- Legemiddelsikkerhet
- Prosjekteringsledelse
- Risikostyring
- Smittevern
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Rådgiver, Helse, Kvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441120326
- Sist endret



