
Miljøterapeut / spesialutdanna miljøterapeut
Bufetat
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut / spesialutdanna miljøterapeut
Kollen ungdomsbase har ledig fast stilling som miljøterapeut i 100%. Stillinga inneber arbeid på dag og kveldstid og p.t. er det ikkje arbeid på helg. Enkelte vakter er langvakter på inntil 16 timer.
Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om barnevernstenester.
Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har sju plassar, fordelt på to avdelingar, inkludert institusjonshyblar. Arbeidsstad kan endrast grunna oppussing av bygg/flytting av avdeling.
Kollen Ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.
Arbeidsoppgaver
Arbeids- og ansvarsområder vil mellom anna vere:
- målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå kognitiv miljøterapi
- traumesensitiv og profesjonell omsorg
- legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritidsaktivitet som gir ny læring og meistring
- i kvardagen må du vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell som kan planlegge og oppretthalde god struktur
- i det daglege samarbeider ein med ungdomane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar, som til dømes skule og ulike helsetenester
- utføre daglege praktiske oppgåver ved institusjonen
- som hovudkontakt for ein ungdom, vil ein få ansvar for utarbeiding og oppfølging av plan- og rapporteringsarbeid
Miljøterapeutane vert i det daglege leia av ein avdelingsleiar.
Kvalifikasjoner
Kva slags bakgrunn har du?
- Fullført bachelorutdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar, eller anna relevant bachelorutdanning tilsvarande 180 studiepoeng
- For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut må du ha relevant vidareutdanning med minimum 60 studiepoeng
Det er og ønskjeleg at du har:
- Relevant vidareutdanning innen og/eller god kjennskap til kognitiv terapi
- Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Gode IT-ferdigheiter og førarkort kl.B med manuelt gir
Personlige egenskaper
Kven ser vi etter?
- Du må vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere fleksibel utan å vere ettergjevande, og sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen
- Du må kunne ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling
- For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdomane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet.Dette vert vektlagt i den totale vurderinga ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t. kr. 466 600 - 650 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande min. 60 stp., kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt. kr. 532 200 - 690 000 pr. år.
- Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mulighet for tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer som fagsamlingar vår og haust
- Godt og stort fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
- Stillinga er for tida lagt til Kollen ungdomsbase, Vestnes
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
FerdigheterAI-generert
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Myrakollen 2, 6390 Vestnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sosialfag, Sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440992319
- Sist endret

