Vi søkjer fagarbeider, miljøterapeut og vernepleiar i 100% vikariat!
Alver kommune
- Frist 17.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lyst å testa døgnturnus eller langvakter i ein jobb med meining?
Velkommen til Avlastningstenester for born og unge!
I Avlastningtenester for born og unge har me no ledig tre vikariat i 100%. Oppstart er snarast og varigheit er på 6 månader med moglegheit for forlenging.
Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med avlastning for born og unge med samansette behov innan habilitering. I ei slik rolle får du vere ein trygg og støttande vaksen, og bidra til stabilitet og gode opplevingar i kvardagen - både for borna og familiane deira!
Om stillingane og kompetanse
Stillingane er i same avdeling men arbeidet skjer for tida på to forskjellige lokasjonar:
1. Miljøterapeut i stilling med døgnturnus på Lindås
Her søkjer me deg med minimum 3-årig, sosialfagleg, pedagogisk eller helserelatert høgskuleutdanning
2. Helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbeidar i langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg på Lindås
3. Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar i kombinert kortvakt og langvaktturnus i Knarvik
Om oss
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg.
Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.
Arbeidsoppgåver
- Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
- Å uttføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgslova
- Å ha ansvar for medisinar, både legge i dosett og gje medisinar
- Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
- Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak
- Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
- Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
- Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
Du vert ein i fagmiljø som jobbar for å gje born og familiar eit pusterom i kvardagen - og eit tilrettelagt og meiningsfullt opphald!
Vi søkjer deg som har
- Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
- Førarkort i klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God forståing for tryggleik, struktur og omsorg i institusjonsbasert avlastning
Du er også trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem. Det er eit føremon med erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid. Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, sjølvstendig, roleg og engasjert.
Kven er du?
Du er ein trygg og engasjert fagperson med gode evne til å møte born og unge med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, tildels omfantende bistandsbehov, åtferd som utfordrar - og du trivst med å vere ein viktig vaksen i kvardagen deira. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig men også i eit samarbeid.
Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje. Me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell for born og familiar.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Bruke verktøy
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Skrenten 64, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440487039
- Sist endret