Rådgivar HR og kvalitet
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar HR og kvalitet
Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet? Vi ser etter ein engasjert og ansvarsfull kollega som ønsker å arbeide innafor HR- og kvalitetsområdet.
Arbeidsoppgåver
I stillinga skal du mellom anna:
- planlegge og gjennomføre rekrutteringsprosessar, frå utforming av stillingsannonsar til tilsetting
- rettleie leiarar og tilsette om gjeldande lovar, forskrifter og interne rutinar
- støtte leiinga i prosessar knytt til arbeidsmiljø, organisasjonsutvikling og endringsarbeid
- ha medansvar for kvalitetsarbeid på kompetanse- og næringsområdet (flytkart, ROS-analyser, prosedyrer og retningslinjer, samsvarsvurderinger)
- fungere som personvernkoordinator
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som har:
- relevant høgare utdanning innan HR, personaladministrasjon, organisasjonsutvikling, juss, eller tilsvarande fagområde, helst master
- erfaring frå rekruttering og tilsettingsprosessar, kvalitetsarbeid, ROS-analysar og prosesskartlegging
- erfaring frå rådgiving innafor arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling
- god kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter innan arbeidsmiljø, personvern (GDPR) og HMS
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å arbeide systematisk, er sjølvdrivande og har stor gjennomføringsevne.
- Du har god rolleforståing og gode analytiske eigenskapar.
- Du er relasjons- og løysingsorientert, bygger tillit og samarbeider godt
- Du er god til å formidle faglege tema
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- fagleg utvikling og varierte oppgåver du sjølv kan vere med å utforme
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Du må rekne med noko reiseverksemd i stillinga.
FerdigheterAI-generert
- General Data Protection Regulation (GDPR)
- HMS-system (HMS: helse, miljø, sikkerhet)
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Kvalitetsstyring
- Personaladministrasjon
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, HR, personal og rekruttering, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Rekruttering, Kvalitetsarbeid, Personvern, Lederstøtte, Leiarstøtte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438918736
- Sist endret