Kundekonsulent med IT-glød
Sognenett
- Frist 7.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kundekonsulent?
Stad: Sogndal eller Vik
Stilling: Fast, 100 %
Søknadsfrist: aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande, frist 07.12.2025.
Først – dette får du hjå oss
Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.
Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear – også dei litt sprø.
Her får du:
Eit sterkt og varmt fellesskap, med plass til både bokormar, skibomsar, småbarnsforeldre og alle salgs folk, eigentleg.
Ein jobb med utviklingsmoglegheiter – du lærer nytt kvar veke.
Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar.
Kontor midt mellom fjord og fjell – ja, det er faktisk like fint som det høyrest ut.
Om jobben
Som kundekonsulent hos oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett og strøymetenester – til løysingar og support innan IT.
Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre.
Du lyttar, forklarar, finn løysingar og bidreg til å skape wow-opplevingar i alle kanalane me brukar: telefon, e-post, chat – og av og til ute hjå kundane.Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre, anten det handlar om internett, TV, eller IT-løysingar.
I tillegg vil du:
Jobbe aktivt med rådgjeving, særleg innan internett, TV, IT og bedriftsløysingar
Oppsøke og utvikle nye kunderelasjonar
Følgje opp tilbod og vere ein del av heile salsprosessen
Bidra til utvikling av Sognenett og Sognenett IT
Kven er du?
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du:
Er glad i folk, og får energi av å hjelpe andre
Har nysgjerrigheit for teknologi og IT-løysingar
Tenkjer løysing, ikkje problem
Er trygg i ein hektisk kvardag – og trivst med å ha fleire ballar i lufta
Har førarkort (klasse B) – det hender me tek turen ut til kundane
Har du erfaring frå kundesenter, IT, sal eller liknande? Supert! Har du ikkje det, men kjenner du passar inn? Me høyrer gjerne frå deg uansett.
Høyrest det ut som noko for deg?
Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg ved CV og vitnemål, men det viktigaste er at me får eit godt inntrykk av deg som person.
Søknadsfrist: 07.12.2025
Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn – og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 18 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte. Mantraet vårt?
Meir fart. Meir moro.
FerdigheterAI-generert
- Kunnskap om teknologi
- Salgsprosess
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, IT
- Stillingsfunksjon: Brukerstøtte/support, IT-support, Kundeservice
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
IT, Support, Kundeservice, sogndal, kundesenter
Kontorbilete (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437799817
- Sist endret